Helseføretaka tilbyr opplæring av pasientar og pårørande innanfor somatikk, psykisk helsevern og rusbehandling.
Lærings- og meistringssenter (LMS) i Helse Vest
Helse Førde
Helse Bergen
Helse Fonna
Helse Stavanger
Lærings- og meistringstilbodet i regionen
Regional koordinerande eining, Helse BergenOm læring og meistring
Det er etablert lærings- og meistringssenter (LMS) i alle helseføretaka i Helse Vest. Lærings- og meistringssentra er ein møteplass for helsepersonell, erfarne brukarar, pasientar og deira pårørande.
Læringstilboda blir utvikla, gjennomførte og evaluerte i eit likeverdig samarbeid mellom fagpersonar og brukarar, som deler erfaringar og kunnskap. Gjennom læringstilboda får pasientar og pårørande informasjon, kunnskap og bistand til å handtere langvarig sjukdom og helseforandringar, med mål om betre innsikt i og meistring av eigen situasjon.
Lærings- og meistringssentra er ein ressurs for helseføretaka når det gjeld gruppebasert pasient- og pårørandeopplæring. Dei gruppebaserte opplæringstilboda kjem i tillegg til individuell informasjon og opplæring i avdelingane.
Fleire av helseføretaka har desentraliserte lærings- og meistringstilbod slik at tilboda skal vere lettare tilgjengelege for brukarane.
Nasjonal kompetanseteneste for læring og meistring innanfor helse
mestring.noTilskot til helsefremjande arbeid - søknadfrist i desember kvart år
Informasjon og søknadsskjemaDet blei delt ut kring 9,8 millionar kroner til 97 brukarorganisasjonar i 2019. Støtta går til brukarmedverknad, kurs og informasjonsarbeid.
Om brukarmedverknad og brukarutval
Brukarmedverknad og regionalt brukarutval i Helse Vest
Nettverk
Nettverk for læring og meistring i Helse Vest