Medarbeidarane våre og deira kompetanse er den viktigaste ressursen i helsetenesta. Vi har lærlingar i Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Helse Vest IKT.
Utdanning av helsepersonell i spesialisthelsetenesta omfattar grunnutdanning, vidare- og etterutdanning, turnusteneste og spesialistutdanning. Vi har praksisplassar til alle desse utdanningane. I tillegg driv vi omfattande kompetanseutvikling av eigne medarbeidarar.
Styret i Helse Vest RHF har vedteke ein strategi for kompetanseutvikling som er ein del av strategien "Helse 2020". Strategien er sentral for å utvikle helsetenesta og sikre god kvalitet i behandlinga i åra som kjem, og blir vidareført i den nye strategien, "Helse2035".
Kunnskapsinnsatsen i Helse Vest
Føretaksgruppa Helse Vest er ein gigantisk utdannings- og læringsarena. Mykje av kunnskapen og erfaringa kan berre tileignast på sjukehusa i balanse med kunnskap frå utdanningsinstitusjonane.
Vi brukte 2015 til å etablere innsikt i heile verdikjeda som kunnskapsinnsatsen utgjer. Kunnskapsinnsatsen omfattar eit krinsløp av innsatsfaktorar frå forsking til enkle kurs og utvikling, i tillegg alle former for læring- og kompetanseløp.
Ved utgangen av 2015 var innsatsen estimert til om lag 7 381 formelle utdanningsløp. Heile kunnskapsinnsatsen er estimert til om lag 1,4 milliardar kroner.
Lærlingar
Helsepersonell med utdanning frå vidaregående opplæring har krav om to år i lære før dei kan gå opp til fagprøve og få fagbrev innanfor sitt område.
Helseføretaka har lærlingar blant anna innanfor fagområda:
- helsefag
- ambulansefag
- portørfag
- IKT-fag
- helsesekretærfag
- logistikkfag
- institusjonskokkfag
- elektrofag
Praksisutdanning
Alle helsefagutdanningar har i løpet av studiet, praksis i helsetenesta. Helse Vest RHF og dei seks helseføretaka våre har eit lovpålagt ansvar for å sørgje for at behovet for undervisning og opplæring av helsefaglige elevar, lærlingar, studentar, turnuskandidatar og spesialistar blir dekt innanfor helseregionen (jamfør
spesialisthelsetenestelova § 3-5. Om deltakelse i undervisning og opplæring).
I 2015 hadde Helse Vest i overkant av 6000 turnuslegar, studentar og elevar innanfor helsefaglege utdanningar, i verdifull praksisutdanning.
Dei fleste av praksisstudentane frå høgere utdanning i våre helseføretak, kjem frå sjukepleiarutdanninga og medisinutdanninga. Sentrale grupper er også studentar innanfor spesialsjukepleiefaga (anestesi-, barne-, intensiv-, kreft-, operasjonssykepleiar) og andre videreutdanningar for sjukepleiarar (for eksempel jordmorutdanninga), i tillegg til radiografistudentar, bioingeniørar og studentar innanfor ergoterapi og fysioterapi. Også studentar frå barnevernspedagog- og sosionomutdanninga har praksis i helseføretaka.
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning er viktig for at helsepersonell undervegs i karrieren skal oppdatere seg fagleg og utvide kompetansen. Ofte foregår vidare- og etterutdanning som eit ledd i arbeidsgivar-/arbeidstakarforholdet.
Ein sjukepleiar som vil spesialisere seg, må gjennomføre spesialistutdanning i regi av universitet eller høgskule. Kandidatane innanfor dei ulike spesialiseringsløpa har mykje praktisk opplæring (praksisutdanning) i helsetenesta i løpet av utdanningane. Dei ulike spesialistutdanningane har eit omfang som tilsvarer 1-2 heile studieår.
Vidareutdanning blir tilbydd ved fagskular, høgskular (både ordinære og oppdragsfinansierte studiar) og universitet, og studentar har gjerne helseføretaka både som praksisarena og arbeidsplass. Universitet og høgskular som tilbyr vidareutdanning, skal i forkant inngå avtalar med helseføretaka om praksisplassar, og helseføretaka skal leggje til rette for praksisplassar i tråd med avtalane.
Her er nokre av utdanningsinstitusjonane på Vestlandet som tilbyr vidareutdanning innanfor helsefaga:
-
Høgskulen på Vestlandet (Stord, Haugesund, Bergen og Sogn og Fjordane)
-
Universitetet i Stavanger (UIS)
-
Universitetet i Bergen (UIB)
-
Diakonhjemmet høgskole (VID)
-
Hordaland helsefagskole
-
Rogaland kurs- og kompetansesenter
Spesialistutdanning for legar
Spesialistutdanninga for legar startar etter autorisasjon som norsk lege, det vil seie etter minst seks års medisinstudium og påfølgjande eitt og eit halvt års turnusteneste. Spesialistutdanninga av legar føregår først og fremst gjennom rettleiing og praksis i stilling som lege i spesialisering (LIS). Tenesta foregår under kontinuerleg rettleiing frå spesialist i faget. LIS-utdanninga i Noreg er i endring. Den nye ordninga starta i 2017.
For å sikre nok spesialistar innanfor enkelte fag, har Helse Vest kartlagt kor mange legar i spesialisering vi har innanfor dei ulike spesialitetane og analysert behova fram mot 2030. Den nasjonale bemanningsmodellen er nytta ned på regionalt nivå i dette arbeidet.
Oppgåveorientert kompetanseutvikling
Helse Vest har ein strategisk kompetanseplan som inneheld tiltak for å møte utfordringar knytte til rekruttering, stabilisering, utvikling og avvikling av kompetanse.
Læreformene som blir valde ut i føretaka, står i samsvar med oppgåvene organisasjonen skal løyse. Tilnærmingar der medarbeidarane lærer gjennom arbeidserfaring, er heilt sentrale. Støttesystema bidreg til kvalitet, struktur og synleggjering av den store kunnskapsproduksjonen som skjer innanfor og på tvers av føretaka. Der oppgåvene er særs komplekse, er ny teknologi for simulering viktig for å møte opplæringsbehovet.
Kompetanseutvikling på tvers
Kompetanseutvikling må skje på tvers av faggrupper, alder, etnisitet og organisatoriske skiljelinjer. Føretaka samarbeider om å utarbeide modellar som dekkjer eit breitt spekter av kompetansebehov, og der ein sikrar at dei ulike føretaka kompletterer kvarandre med spisskompetansen sin.
Tiltak som hospitering og ambulering i ulike einingar kan vere med å auke kompetansen til den enkelte og sikre ressurstilgang der det trengst. Samhandlingsreforma krev også betydeleg kompetanseutveksling mellom spesialist- og primærhelsetenesta for å sikre rett kompetanse på rett nivå og til rett tid.
Regionalt samarbeidsorgan for utdanning
Samarbeidsorganet for utdanning skal vurdere innhald, dimensjonering og endringar i utdanninga på grunnlag av behov i helse- og omsorgstenesta i regionen og gi tilbakemelding til styret i Helse Vest RHF, universiteta og høgskulane. Samarbeidsorganet skal også gi råd om handtering av praksisplassar.
Les meir om Regionalt samarbeidsorgan for utdanning
Sjekk også utdanningssidene i sjukehusa våre
Helse Førde
Helse Bergen - Utdanning og kompetanse
Helse Fonna
Helse Stavanger - Utdanning og kompetanseutvikling
Årleg utdanningskonferanse i Helse Vest