Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Tørn-programmet

Tørn-programmet

I Tørn-programmet blir nye arbeids- og organisasjonsformer i helse- og omsorgstenesta testa ut. 

Målet er å bruke personellressursar mest mogleg effektivt, gjennom nye arbeids- og organisasjonsformer. Programmet skal også sikre at oppgåvene mellom dei ulike tenesteområda og nivåa i helse- og omsorgstenesta blir rett fordelte. 

I samarbeid med KS, Helsedirektoratet og dei regionale helseføretaka (RHF) søkar programmet innovative løysingar, for å forbetre tenestekvaliteten og effektiviteten.

I revidert nasjonalbudsjett for 2023 løyvde Stortinget midlar til eit program, som skal teste nye arbeids- og organisasjonsformer i helse- og omsorgstenestene. Programmet er basert på erfaringar frå Tørn-prosjektet i KS.

Programmet er delt inn i tre delar:

  1. Eit delprogram for kommunane
  2. Eit delprogram for spesialisthelsetenesta
  3. Eit samarbeidsprogram mellom dei regionale helseføretaka (RHF-a) og Kommunesektorens organisasjon (KS).

Dei regionale helseføretaka (RHF-ene) jobbar med regionale program, for å sikre rett fordeling av oppgåver mellom tilsette og effektiv organisering.

Dette skal gjerast gjennom fleire tiltak.

  1. Utvikling av dokumentasjonssystem

    Lage og halde system vedlike, for å dokumentere tilsettes formelle og reelle kompetanse.
  2. Ansvarsforhold

    Klargjere kven som har ansvar for ulike oppgåver.
  3. Kartlegging for oppgåvedeling

    Kartlegge kva oppgåver som kan og bør delast mellom ulike helsepersonellgrupper, og vurdere nødvendig helsefagleg kompetanse.
    Vurdere om oppgåver kan utførast av personell utan helsefagleg kompetanse.
  4. Programinitiering

    Legge vekt på passande program for oppgåvedeling, etter å ha kartlagd prosessane med Tørn-metodikk.
  5. Arena for erfaringsdeling

    Opprette digitale og fysiske plattformer for erfaringsutveksling, og opprette læring mellom deltakarane på tvers av dei regionale helseføretaka.
  1.  

Helse Stavanger - støtte til 26 tiltak til saman

  • Ortopedisk avdeling
    Involvering av alle yrkesgrupper. Opplæring av sekretærar, for å gjennomføre spesielle målingar ved ortopedisk osteoporosepoliklinikk.
  • Egersund poliklinikk
    Seks tiltak: Felleslunsj, dialogmøte, halvdagsseminar, sjukepleiedag, årshjul for planlegging, og tilrettelegging for kompetanseutvikling.
  • Prehospital klinikk, ambulanse Dalane/Egersund
    Samarbeid med Nav Arbeidslivssenter, for å redusere sjukefråvær og forbetre arbeidsmiljøet.
  • 5G ortopedisk
    Seks tiltak: Spesialsjukepleiar får avlasting av farmasøytar, kompetanseheving for helsefagarbeidarar, HMS-handlingsplan, postvert på kveldstid, sekretær og helsefagarbeidarar tar blodprøvar, og tilsetting av portørar for å avlaste hjelpepleiar og spesialsjukepleiar.
  • Gastrokirurgisk avdeling
    Standardisert opplæring av medisinske og kirurgiske prosedyrar.
  • Ortopedisk avdeling (Klinikk A)
    Oppgåvedeling og opplæring i infusjon av zoledronsyre.
  • Klinikk for kirurgi, nevrologi og rehabilitering
    To tiltak: Rettleiingsgrupper for avdelingssjukepleiarar. Og tilbud om prehabilitering - det vil seie eit tilbud til kreftpasientar etter at dei har fått tykktarms- og endetarmskreft. Målet er å auke pasientens helsekompetanse, forebyggje postoperative komplikasjonar og redusere talet på liggedøgn.
  • Reinhaldavdelinga
    Maskinelt reinhald, for å redusere belastninga på reinhaldsarbeidarar og frigjere tid.
  • Dagkirurgisk avdeling
    Partssamarbeidsmøte, psykososiale tiltak, foredrag om hersketeknikkar og om arbeidsmiljø, ressursallokering, delta på relevante fagkurs, rekruttering, hospitering, profilering via instagram og prosjektbasert dagkirurgisk aktivitet utenom ordinær arbeidstid på frivillig basis.
  • ADHD-teamet, psykisk helsevern barn- og unge
    Betre oppfølging av pasientar med ADHD og avlaste poliklinikken.
  • Avdeling for medisinsk biokjemi
    Oppgåvedeling mellom bioingeniør og helsesekretær.
  • Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
    Oppgåvedeling mellom legar og klinisk ernæringsfysiologar.
  • Klinikk A, ortopedisk avdeling, ortopedisk forskingsseksjon
    Digital heimeoppfølging av brotpasientar.
  • Avdeling for patologi
    Oppgåvedeling frå lege til bioingeniør og frå bioingeniør til sekretær.
  • 12 medisinske sengepostar er med på tiltaka:
    Tre tiltak: Innføring av rolla områdesjukepleiar i sengeområda på Nye SUS, ny kontorfagleg leiarstøtte i sengeområda, og at det skal vere avdelingssjukepleiarar på kvart sengeområde på Nye SUS.
  • Observasjons- og behandlingsavdeling (OBA)
    Auka kunnskap om pasientar med utfordrande åtferd.
  • Augepoliklinikk og dagkirurgi
    Effektivisere injeksjonsklinikken med oppgåvedeling.
  • Barne- og ungdomsklinikken
    Seksjon for klinisk ernæring overtok kontrollpasientar med cøliakidiagnose.
  • Klinikk for medisinsk teknologi og informatikk og avdeling for behandlingshjelpemidlar
    Vask og desinfeksjon av medisinsk utstyr, for raskast mogleg resirkulering.
  • Kardiologisk sengepost 3H
    Pilotprosjekt på frivillige langvakter.
  • Kardiologisk 3G
    Helsefagarbeidarar har ansvar for blodprøvetaking i helg.
  • Avdeling for medisinsk biokjemi
    Oppfølging av resultat frå desentralisert prøvetaking.
  • Infeksjonssengeposten
    Oppgåvedelingsprosjekt med portør og apotekteknikar.
  • Dagkirurgisk avdeling
    Kontinuerleg forbetring av oppgåvedeling.
  • Anestesiavdelinga, Klinikk A
    Tilsetting av portør med fagbrev, med oppgåvedeling mellom anestesisjukepleiar og portør.
  • Dagkirugiske eining (DK Hillevåg)
    Prosjekttilsetting av portør med fagbrev.

Helse Bergen - støtte til 30 tiltak til saman

  • Radiologi (barn & unge)
    MR-simulering og ny oppgåve for barneradiografar.
  • Lungeavdelinga
    Avansert heimesjukehus.
  • Medisinsk klinikk
    Kartleggje tida til sjukehuspleiare og helsefagarbeidare som gikk til å gjere støtteoppgåver.
  • Bemanningssenteret
    Støtten fra ein kvalifisert rådgivar ved Karrieresenteret var avgjerande for å kunne kartleggje arbeidsoppgåver på ein avdeling og omfordele disse, slik at avdelinga frigjer tid. 
  • Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
    Oppgåvedeling for å forbetre utnyttinga av ressursane.
  • Bjørgvin DPS
    Behandlingsførebuande kurs til pasientar.
  • Augeavdelinga
    To tiltak: Oppgåvedeling mellom lege og optiker av ein forundersøking og postoperativ kontroll, og oppgåvedeling av etterkontroll.
  • Ortopedisk avdeling
    Apotekstyrt tillaging og trallelegging av legemiddel.
  • Avdeling for patologi
    Oppgåvedeling frå lege til reinhaldsarbeidarar.
  • Seksjon for smertebehandling
    Invitere fastlege med på digtal kosultasjon.
  • Nevroklinikken
    Auka bruk av sjukepleiarpoliklinikk, vidareutvikle tverrfaglege team og ein ny måte å handtere spørsmål frå pasient, pårørande, og fastlegar på.
  • Kompetanseutvikling ved seksjon for utdanning (Forsking- og utvikling) Automatisere prosessar.
  • Barne- og ungdomsklinikken
    Gastrokoordinator som følger opp barn med komplekse forløp.
  • Dokumentasjonavdelinga (Mottaksklinikken)
    Blodprøvetaking i triage i akuttmottak.
  • Fysioterapiavdelinga
    Tverrfagleg skuldervurderingspoliklinikk.
  • Barne- og ungdomsklinikken (merkantile):
    Merkantile får opplæring og tar over nokre oppgåver frå andre.
  • Habiliteringtenesta for vaksne
    Avansert oppgåveplanlegging.
  • Kirurgisk serviceklinikk, thoraxs intensiv
    Overføring av arbeidsoppgåver til assistentar, slik at intensivsjukepleiarar bruker tida si betre.
  • Kronstad DPS
    Ny poliklinisk kvardag med ny struktur på uka, og nye arbeidsformar.
  • Yrkesmedisinsk poliklinikk
    Betre ressursutnytting.
  • Poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar
    Oppgåvedeling mellom merkantilt tilsette, sjukepleiarar og legar.
  • Fødeavdelingen (Kvinneklinikken):
    Driftskoordinator som styrar dag til dag.
  • Kontor for Klinikk hovud-hals
    Oppgåvedeling.
  • Seksjon for smertebehandling
    Kartleggingskonsultasjonar.
  • Barne- og ungdomsklinikken
    Lage ein eigen måle- og vektstasjon, som ikkje er ein del av legekonsultasjonen.
  • Augeavdelinga
    Oppgåvedeling av forundersøkingar.
  • Barne- og ungdomsklinikken
    Tverrfagleg utviklingsteam som jobbar med økt kompetanse og bruk av helsefagarbeidare.
  • Rehabilitering-klinikken (AFMR post 2)
    Tverrfagleg arbeidsgruppe for pasientforløp, og laga gruppetilbud for pasientane.
  • Kirurgisk serviceklinikk, intensivmedisinsk seksjon
    Langvakter i helg.
  • Klinikk hovud-hals, poliklinikk:
    Oppgåvedeling får lege til sjukepleiar.

Helse Fonna - støtte til fem tiltak til saman

  • Medisinsk/hjertepost (medisinsk intensiv overvakingsavdeling) 
    Systematisk oppgåvedeling mellom sjukepleiar og helsefagarbeidar.
  • Nevrologisk avdeling
    Oppgåvedeling frå sjukepleiarar til helsefagarbeidar.
  • Haugesund sjukehus, kirurgisk klinikk
    Farmasøytisk arbeidsstasjon med felles legemiddellager.
  • Blodbanken/Immunologisk transfusjonsmedisin
    Strekkodeassistert dobbeltkontroll.
  • Gastrokirurgisk avdeling 4 vest
    Langvakter for tilsette som ønskjer det.

Sykehusapoteka Vest

  • Sjukehusapoteket Førde
    Felles medisinrom for tre avdelingar.

Helse Førde - støtte til 13 tiltak til saman

  • Nevrologisk seksjon
    Kompetanseheving blant sjukepleiarar.
  • Kompetanse og utdanning
    Fagarbeidarar overtar oppgåver.
  • Kreftavdelinga/kreftpoliklinikken
    Ny arbeidsmodell.
  • Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering:
    Kortare ventetid for pasientar som er henvist for fot, ankel og rygg.
  • Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering:
    Kortare ventetid for pasientar som er henvist for håndskade.
  • Matforsyning
    To tiltak: Lengre middagsservering og bemanning av mottakskjøkken.
  • Ortopedisk avdeling, skopi urologi-operasjon:
    Oppgåvedeling.
  • Ortopedisk avdeling
    Oppgåvedeling frå ortoped til fyiso- og ergoterapeut.
  • Medisinsk avdeling, geriatrisk
    Betre systematisk oppfølging av pasientar.
  • Sterilsentralen
    Frigjord tid for spesialsjukepleiarane.
  • Kvinneklinikken, fødeavdelingen i Førde
    Kombinert stilling for jordmor mellom to einingar.
  • Ortopedisk avdeling, Lærdal
    Artroseskolen, og oppgavedeling frå ortoped til fysioterapeutar, ergoterapeutar og sosionom.
  • Nevrologi og rehabilitering
    Ny bemanningsmodell.

 

 

 

Sist oppdatert 10.03.2025