Hugs å svare på Covid-19-skjema før timen på sjukehuset

Har du time på sjukehuset? Då er det viktig at du svarer på skjemaet om Covid-19 før du møter til timen.

Bilde av Covid-19 virus

For å hindre smitte under koronavirus-epidemien har sjukehusa restriksjonar på besøk. For pasientar med time på sjukehuset har vi derfor laga eit skjema for å finne ut om du kan ha vore utsett for smitte.

Alle som har timeavtale med fysisk oppmøte på sjukehus får ei tekstmelding nokre dagar før timen, med lenkje til eit digitalt skjema. Ved å svare på spørsmåla i skjemaet kan avdelinga du skal til, vurdere om det er trygt at du kjem, eller om avtalen din bør flyttast. Blir timen din utsett, kan ein annan pasient få timen.

Vi ber deg om å fylle ut skjemaet på Helsenorge i forkant av timen. Dette krev at du har oppretta brukar på Helsenorge og at du har gitt fullt samtykke. Ved å kartleggje pasientar med smitterisiko før dei møter, reduserer vi også talet som blir avvist i døra når dei kjem til sjukehuset.

NB! Å fylle ut skjemaet på førehand erstattar ikkje kontrollen i døra, som alle som skal inn på sjukehuset må gjennom.