Rehabilitering sortert på diagnosegrupper

Under er den totale oversikta over tilboda som blir gitt av private, og avtalane som gjeld frå 1. januar 2015.

Kreft

Kreft (ICD 10 Kap II Svulstar): Mange pasienter i denne gruppa har progredierende og komplekse lidelser og trenger tilbud og hjelp til mestring av endringer/forverring av sitt funksjonsnivå.

  • LHL-klinikkene, Nærland: Døgn
  • Hauglandsenteret: Døgn
  • Ravneberghaugen: Døgn
  • Åstveit Helsesenter: Dag, døgn

Sjukleg overvekt

Sjukleg overvekt (ICD 10 Kap IV): Tilbodet gjeld pasientar tilvist frå poliklinikkane for sjukleg overvekt i helseføretaka. Tilbod i spesialisthelsetenesta blir gitt til pasientar med BMI over 40 utan komorbiditet og 35 med komorbiditet.

  • LHL-klinikkene, Nærland: Døgn
  • Hauglandsenteret: Døgn

Nevrologi

Nevrologi; CFS/ME, CP, Parkinson, MS, senskadar etter polio, andre nevrologiske lidingar (ICD 10 Kap VI Sjukdommar i nervesystemet): Mange pasientar i denne gruppa har progredierande og komplekse lidingar og treng tilbod og hjelp til meistring av endringar/forverring av funksjonsnivået sitt.

  • Hauglandsenteret: Døgn
  • Åstveit Helsesenter: Dag, døgn

Tinnitus og Menière

Tinnitus og Menière (ICD 10 Kap VIII Sjukdommar i øre og ørebeinsknute): Gjeld pasientar med alvorlege tilstandar som ikkje kan nyttiggjere seg lokale tilbod og tilbod gjennom lærings- og meistringssentra. Pasientane skal vere utgreia av spesialisthelsetenesta.

  • Hauglandsenteret: Døgn

Hjerneslag

Hjerneslag (ICD 10 Kap IX Sjukdommar i sirkulasjonssystemet): Tilbod til pasientar etter sjukehusopphald med behov for vidare rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Pasientar i kronisk fase med behov for tiltak for å vedlikehalde/oppretthalde funksjonsnivået sitt i kvardagen. Tiltak i primærhelsetenesta skal vere prøvd ut, men ikkje bidratt til å nå måla til pasienten.

  • Hauglandsenteret: Døgn
  • Åstveit Helsesenter: Dag, døgn

Hjartesjukdommar

Hjartesjukdommar (ICD 10 Kap. IX Sjukdommar i sirkulasjonssystemet): Gjeld primært pasientar som har gjennomgått kirurgi eller har alvorleg hjartesjukdom med risikofaktorar som fedme, høgt blodtrykk, røyking, angstproblematikk i høve trening/aktivitet etter gjennomgått hjartesjukdom. Aktuelt rett etter sjukehusopphald, 6 til 12 veker etter hjartetraume og seinare i forløpet avhengig av sjukdomsutviklinga.

  • LHL-klinikkene, Krokeide: Døgn
  • LHL-klinikkene, Nærland: Døgn
  • Ravneberghaugen: Døgn
  • Åstveit Helsesenter: Dag, døgn

Kroniske lungesjukdommar

Lungesjukdommar (ICD 10 Kap. X Sjukdommar i åndedrettssystemet): Gjeld pasientar med KOLS og andre luftvegssjukdommar, med symptom som begrensar aktivitet og livsutfolding, og angstproblematikk i forhold til fysisk trening. Aktuelt rett etter sjukhusopphald og seinare i forløpet avhengig av sjukdommens utvikling.

  • LHL-klinikkene, Nærland: Døgn
  • Åstveit Helsesenter: Dag, døgn

Ortopediske tilstandar

Ortopediske tilstandar (ICD 10 Kap. XIII Sjukdommar i muskel og skjelettsystem og bindevev): Tilbodet er først og fremst retta mot pasientar som er ferdigbehandla på sjukehus og som har bistandsbehov, ofte eldre pasientar med komplekse sjukdomsbilde.

  • Rehabilitering Vest: Dag, døgn
  • Ravneberghaugen: Døgn
  • Åstveit Helsesenter: Dag, døgn

Revmatologiske sjukdommar

Revmatologiske sjukdommar (ICD 10 Kap  XIII Sjukdommar i muskel og skjelettsystem og bindevev): Gjeld pasientar med inflammatoriske revmatiske sjukdommar, etter revmakirurgi, ved ledd- og bløtedelsaffeksjon som følgje av revmatologisk liding, spondylartritter (Mb Bekhterev), og pasientar med vesentleg redusert funksjonsnivå for eksempel på grunn av smerter, stivhet, nedsett leddbeveglegheit og muskelkraft.

  • Rehabilitering Vest: Dag, døgn
  • Ravneberghaugen: Døgn

Kroniske muskel- og blautdelssmerter

Kroniske muskel- og blautdelssmerter: Gjeld pasientar med samansette tilstandar med smerter i muskulatur/bindevev. Dette omfattar pasientar med langvarige smerter i nakke/skulder/rygg, fibromyalgi, bekkenleddsyndrom m.v.

  • Hauglandsenteret: Dag, døgn
  • Rehabilitering Vest: Dag, døgn
  • Ravneberghaugen: Dag, døgn
  • Åstveit Helsesenter: Dag, døgn

Brotskadar, amputasjonar, andre skadar

Brotskadar: Gjeld pasientar med brotskadar som for eksempel lårhals, lårbein, bekken, rygg, nakke, seinfølgjer/komplikasjonar ved amputasjonar og andre skadar som krev spesialisert rehabilitering.

  • Rehabilitering Vest: Døgn
  • Ravneberghaugen: Døgn
  • Åstveit Helsesenter: Dag, døgn

Hjerneskadar

Hjerneskadar: Tilbod til pasientar etter sjukehusopphald med behov for vidare rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Pasientar i kronisk fase med behov for tiltak for å vedlikehalde/oppretthalde funksjonsnivå sitt i kvardagen. Tiltak i primærhelsetenesta skal vere prøvd, men ikkje bidratt til å nå målet til pasienten.

  • Hauglandsenteret: Døgn

Raskare tilbake

Raskare tilbake: Tilbodet innanfor ordninga «raskare tilbake» skal få sjukemelde raska​re tilbake i arbeid. Personar som er sjukemelde eller som står i fare for å bli sjukemelde, kan få eit tilbod om raskare spesialistbehandling gjennom ordninga.

  • LHL-klinikkene, Krokeide: Dag, døgn
  • LHL-klinikkene, Nærland: Dag, døgn
  • Hauglandsenteret: Dag, døgn
  • Åstveit Helsesenter: Døgn
  • Oppfølgingsenheten Frisk: Dag

 

Gå til sida for private rehabiliteringsavtalar for å finne kontaktinformasjon

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.