Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest
Melkevollsbreen oldsvatnet

Rapport for samfunnsansvar 2024

Spesialisthelsetenesta skal vere leiande i arbeidet med miljø og berekraft, og fremje god helse gjennom miljøvennlig drift. Helse Nord, Helse Midt-Norge, Helse Sør-Øst og Helse Vest lager kvart år ein rapport med gode døme på arbeid med samfunnsansvar i sjukehusa. Rapporten inneheld og resultat frå klimarekneskapen.

Det er flott å sjå medarbeidarar som brenn for faget sitt.
Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF.

I spesialisthelsetenesta finst det mange miljømedvitne og kloke medarbeidarar, som saman er med på å ta gode val for ein meir miljøvennleg helse- og omsorgsteneste. Lenger ned i rapporten kan du lese gode døme på dette, der klima- og miljørådgivarane Hilde Elvebakk Hjelmeland, Helle Akselsen og Yngve Urskar Mathisen fortel om engasjementet sitt. Det er flott å sjå medarbeidarar som brenn for faget sitt, og som gjennom denne gleda klarer å spreie gode bodskap ut i organisasjonen slik at vi saman går vegen mot mål.

Spesialisthelsetenesta har eit stort ansvar når det gjeld å forvalte ressursar på ein berekraftig måte. Som ein stor atktør i samfunnet er det avgjerande at vi har ambisjonar, mål og strategier for å sikre berekraftig drift, fremme sosial rettferd og å oppretthalde god styring.

I løpet av 2024 har unødvendig forbruk blitt sett på dagsordenen. Bruken av eingongsutstyr er det ønskjeleg at vi får ned, både fordi eingongsutstyr skaper store mengder avfall, men også fordi fleirgongsutstyr ofte er av betre kvalitet, kan vaskast, reparerast og brukast att og dermed er ein betre utnytting av ressursane totalt sett. I tillegg er det gunstig å vere meir sjølvforsynt i ei verdsmarknad som er meir uroleg. På dette området har vi teke gode steg i rett retning. AD-ane i regionane ønskjer å følgje nøye med på den berekraftige utviklinga og har slutta seg til to nye indikatorar i 2024: å redusere forbruk av usterile hanskar og å redusere forbruket av eingongsvarmejakker.    

Rapporten frå spesialisthelsetenesta for samfunnsansvar blir gitt ut for sjuande gong og for første gong i heildigital utgåve. For andre gong blir det presentert ein fullstendig klimarekneskap, som viser det totale klimafotavtrykket til spesialisthelsetenesta. I tillegg blir det presentert eit utval av tiltak gjennomført i verksemdene våre for å styrkje bidraget spesialisthelsetenesta har til ei berekraftig utvikling.

God lesnad!

En mann med hjelm
Samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta

Spesialisthelsetenesta har eit omfattande samfunnsansvar som strekkjer seg utover det å levere medisinske tenester av høg kvalitet. Dette ansvaret inkluderer å sikre berekraftig drift, framme sosial rettferd og å oppretthalde god styring.

Ved å integrere samfunnsansvar i alle aspekt av drifta, kan spesialisthelsetenesta bidra til ei berekraftig framtid og bevare tilliten frå pasientar, tilsette og samfunnet samla sett. Samfunnsansvaret omfattar «miljøansvar», «sosialt ansvar» og «verksemdsstyring»

Spesialisthelsetenesta speler ei viktig rolle i å redusere miljøpåverknaden og framme berekraftig praksis. Miljøaspekt i sjukehus inkluderer tiltak for å redusere klimagassutslepp, effektivisere energibruk, minimere avfall, framme berekraftige innkjøp og redusere bruk av naturressursar. 

Helseføretaka har definert klima og miljømål, og har eit klimagassrekneskap som gir ei detaljert oversikt over utslepp frå ulike aktivitetar. Dette inkluderer både direkte utslepp (scope 1 og 2) og indirekte utslepp (scope 3) frå leverandørkjeder. Ved å bruke verktøy som interaktive dashboards, kan helseføretaka følgje utviklinga over tid og setje i verk nødvendige tiltak for å nå klimamåla sine.

Aktuelle sakar frå rapporten: 

Valg av solenergi i PHN-prosjektet

Trøndelag ortopediske verksted bruker bilkollektiv

Øyepoliklinikken reduserer 700 kilo forbruksmateriell

Sosiale aspekt handlar om menneskerettar, arbeidsforhold og samfunnsansvar. Spesialisthelsetenesta har eit ansvar for å sikre anstendige arbeidsforhold, framme mangfald og inkludering, og nedkjempe diskriminering. Dette inkluderer tiltak som openheitslova, som krev at helseføretak gjer greie for samfunnsansvar og berekraftsrisiko.

For medarbeidarar i leverandørkjeda speler Sjukehusinnkjøp HF ei stor rolle, som forvaltar av nasjonale innkjøpsavtalar. Vidare arbeider helseføretaka med å implementere kurs og program for å handtere aggresjonsproblematikk og framme eit inkluderande arbeidsmiljø. Desse tiltaka kan bidra til å skape ein trygg og rettferdig arbeidsplass for alle tilsette.

Aktuelle sakar frå rapporten:

Lærlinger bygger fremtidens helsevesen

Menneskerettigheter og arbeidstakerrettigheter på byggeplasser

Global uro gir høyere krav

God styring er avgjerande for å sikre at spesialisthelsetenesta oppfyller berekraftsmåla sine. Dette inneber bruk av styringskrav og rammar som sikrar at nasjonale og regionale mål blir oppfylte. Spesialisthelsetenesta har definert eit felles rammeverk for samfunnsansvar som skal klargjere kva føringar som gjeld for området, og korleis spesialisthelsetenesta arbeider med området. spesialisthelsetjenestens-rammeverk-for-samfunnsansvar.PDF

Det er omfattande samarbeid mellom regionane for å oppnå felles mål, og eit interregionalt samarbeidsutval rapporterer direkte til AD-ene i regionane som sluttar seg til felles mål og indikatorar som verksemdene kan styre etter.

Spesialisthelsetenesta i Noreg har eit stort ansvar for å sikre at ressursane blir forvalta på ein etisk og transparent måte. Førebygging av økonomisk kriminalitet og korrupsjon er avgjerande for å halde oppe tillit og integritet i helsesektoren.  

Etiske retningslinjer: Helseføretaka har implementert strenge etiske retningslinjer som alle tilsette må følge. Desse retningslinjene omfattar mellom anna krav om openheit, ærlegdom og ansvarskjensle i alle forretningsprosessar. Ved å framme ein kultur av integritet og etikk, reduserer vi risikoen for økonomiske misferd.

Varslingssystem: For å oppdage og handtere økonomisk kriminalitet og korrupsjon, har spesialisthelsetenesta etablert robuste varslingssystem. Tilsette blir oppmoda til å rapportere mistenkjelege aktivitetar eller brot på etiske retningslinjer utan frykt for represaliar. Dette bidreg til å skape eit trygt og transparent arbeidsmiljø.

Risikostyring og internkontroll: Helseføretaka arbeider systematisk med risikostyring og internkontroll for å identifisere og redusere risikoar knytte til økonomisk kriminalitet og korrupsjon. Dette inkluderer regelmessige revisjonar og kontrollar for å sikre at alle økonomiske transaksjonar er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter

Opplæring og bevisstheit: For å førebyggje økonomisk kriminalitet og korrupsjon, er det viktig at alle tilsette er godt informerte om risikoane og korleis dei kan bidra til å forhindre slike hendingar. Helseføretaka tilbyr derfor regelmessig opplæring og bevisstgjeringsprogram for å styrkje kunnskapen og forståinga til dei tilsette av etiske standardar og retningslinjer

Aktuelle sakar frå rapporten:

Sykehuninnkjøp kontrollerer renholdsavtaler

Ønsker miljøtiltak velkommen

Skikkelse
Spesialisthelsetenestas klimarekneskap

Tall for Helse Sør-Øst
  2019 2023 2024 Reduksjon 2019-2024
Scope 1 31 166 21 390 19 993 35, 8 prosent

Scope 2

271 989

 

249 693

 

231 709

 

14, 8 prosent

Scope 2 fratrekk gjenvinningskraft

-

155 440

155 142

-
Scope 3 850 464 783 203 805 932 5, 2 prosent

Scope 1 – 35 prosent reduksjon i utslepp

Helseføretaka i Helse Sør-Øst har redusert forbruk av anestesigassen desfluran med 95 prosent frå 2019 til 2024, som har gitt ei innsparing på 4 100 tonn CO2. Forbruket av lystgass er i same periode redusert med 25 prosent.

Forbruket av fyringsolje er redusert med 70 prosent frå 2019 til 2024, og bidrege til ei innsparing i utslepp på 3 220 tonn CO2.

Andelen fossilfrie køyretøy aukar årleg for helseføretaka. Oslo universitetssykehus har i 2024 ein andel på 54 prosent fossilfrie køyretøy, og helseføretaket har også teke i bruk den første el-ambulansen i landet.

Scope 2 – 14 prosent reduksjon i utslepp

Alle helseføretak i Helse Sør-Øst har ein nedgang i utslepp knytte til energiforbruk som blir kategoriserte i scope 2. Oslo universitetssykehus utmerkjer seg med ein reduksjon i utslepp knytte til energiforbruk med 22 prosent frå 2019 til 2024. Akershus universitetssykehus og Sørlandet sykehus har begge redusert utsleppa med 13 prosent i same periode. Sykehuset Innlandet er det helseføretaket som har lågast reduksjon, berre 1 prosent frå 2019-2024.

Sykehuset Østfold har i 2024 installert solceller på ein ambulansestasjon som bidreg til utsleppsreduksjon. 

Scope 3 – 5 prosent reduksjon i utslepp

82 prosent av Helse Sør-Øst sitt klimagassutslepp kjem frå kjøp av varer og tenester som blir kategoriserte som scope 3. Rekneskapsdata blir nytta for å berekne utslepp så det er det årlege forbruket i helseføretaka som påverkar utsleppa. Eit viktig tiltak for å redusere utslepp i scope 3 er å kutte ut unødvendig forbruk og auke ombruk.

Kategoriane legemiddel, IKT og medisinsk teknisk utstyr gir størst utslepp for helseføretaka i Helse Sør-Øst, Disse kategoriane er også prioriterte område i Sykehusinnkjøp sin handlingsplan for samfunnsansvar.

Spesialisthelsetenesta sitt klimarekneskap 2024
Klimarekneskap Hovudkategoriar Tonn CO2e 2019 Tonn CO2e 2023 Tonn CO2e 2024
Scope 1 Fossilt brensel 13 619 10 638 11 580
Scope 1

Bioolje/brensel/gass

41 73 84
Scope 1 Transport egne kjøretøy 23 543 20 118 19 479
Scope 1 Gasser 23 477 15 389 15 741
Scope 1 totalt   60 639 46 218 46 884
Scope 2 Energiforbruk 489 016 493 347 447 142
Scope 2 totalt   489 016 493 347 447 142
Scope 3 Legemidlar 235 775 208 750 218 802
Scope 3 Medisinsk teknisk utstyr 126 693 118 507 120 194
Scope 3 Leboratorieprodukter og utstyr 78 858 72 764 77 168
Scope 3 Kirurgiske produkter 66 209 60 746 64 098
Scope 3 Medisinske forbruksvarer 81 390 96 396 94 101
Scope 3 Bygg- og eiendomsdrift 106 042 101 982 99 540
Scope 3 Avfall 22 206 24 130 22 934
Scope 3 Vann 365 374 360
Scope 3 Tjenestereise 139 167 95 718 102 560
Scope 3 Pasientreise 70 806 65 016 59 996
Scope 3 Ambulanse 33 917 36 627 36 735
Scope 3 Andre kjøp av pasienttransport 37 993 29 897 29 832
Scope 3 IKT 129 330 144 318 161 096
Scope 3 Administrasjon 99 979 78 026 80 980
Scope 3 Kantine og storhusholdning 62 697 52 074 51 692
Scope 3 Kjøp av helsetjenester fra private ideelle sykehus 96 669 80 177 81 385
Scope 3 Kjøp av helsetjenester fra private avtaleparter 96 428 69 633 69 334
Scope 3 Kjøp av helsetjenester fra avtalespesialister 17 941 13 663 13 250
Scope 3 Andre kjøp av private helsetjenester 7 356 8 322 4 670
Scope 3 Kjøp av offentlige helsetjenester 46 699 34 495 36 285
Scope 3 Konsulenttjenester 41 371 47 721 43 433
Scope 3 Finansielle tjenester 4 625 4 936 12 425
Scope 3 totalt   1 602 516 1 444 272 1 479 870
Totalt klimagassutslipp   2 155 285 1 983 837 1 973 896
Fratrekk for kjøp av gjenvinningskraft     -201 354 -146 928
Totalt klimagassutslipp     1 782 483 1 826 968

Klimarekneskap metode

Fleire faktorar påverkar utslepp av klimagassar frå sjukehusdrift. Mellom anna standarden på bygningsmassen, aktivitetsnivået og type verksemd. Geografisk plassering gir variasjon i klima som påverkar energiforbruket. Geografi og sjukehustettleik påverkar avstand på reiseveg for tilsette og pasientar.

Klimarekneskapen er ei samanstilling av det totale klimafotavtrykket til spesialisthelsetenesta i CO2-ekvivalentar og dekkjer både direkte og indirekte utslepp. For å berekne klimafotavtrykket bruker vi inndelinga til GHG-protokollen i scope. Direkteutslepp er knytt til scope 1 og består av anestesigassar, kuldemedium, lystgass og forbruk av drivstoff. Scope 2 er indirekte utslepp frå innkjøpt energi, til dømes elektrisk energi og fjernvarme. Scope 3 er andre indirekte utslepp knytte til innkjøpte varer og tenester. Dette er til dømes avfallsbehandling, transport, flyreiser, varer og tenester.

Klimarekneskapen er ein kombinasjon av fysiske data og økonomiske rekneskapsdata. Avhengig av kvalitet og tilgang på data blir det brukt anten fysiske data (til dømes kg, km, kWh og liter) eller økonomiske rekneskapsdata der bidraga blir registrerte i kronebeløp. Bidraga blir deretter kopla opp mot omrekningsfaktorar og blir summerte ut i tonn CO2-ekvivalentar.

Metode er nærare beskriven på nettsidene til helseregionane. Det er knytt noko uvisse til dei fysiske dataa som blir nytta i klimarekneskapen. Det er risiko for at fysiske data samla inn av kvart enkelt helseføretak kan avvike frå mal for rapportering av ulike årsaker. I tillegg er ikkje dei store byggjeprosjekta inkluderte i klimarekneskapen.

Sjukehusbygg HF er i prosess med å utarbeide eit klimarekneskapsverktøy for byggjeprosjekt som vi skal inkludere i klimarekneskapen til spesialisthelsetenesta.

Tre personer
Klimalagspelaren, influensaren og miljøkrigaren

Det finst mange engasjerte medarbeidarar i sjukehusa i Noreg. Her kan du lese om tre av dei! 

Klimalagspelaren Hilde Elvebakk Hjelmeland

Influensaren Helle Akselsen

Miljøkrigaren Yngve Urskar Mathisen

Vi har

136974 årsverk

i spesialisthelsetenesta

Framtidas flyturar

Flyindustrien har med omsyn til miljø, stått nær på staden kvil dei siste åra.
Først ville vi satse på batteridrivne fly, nokon ville prøve brenselceller og andre ville satse på biodrivstoff. Til slutt sette umoden teknologi ein førebels stoppar for større framsteg.

Video: Stiftelsen Norsk Luftambulanse.

Først no byrjar utviklinga å nå eit punkt der ein kan vente gjennombrot i løpet av få år.

Dei to spora som blir følgde i dag, er hydrogen og syntetisk fuel. Biodrivstoff ser ut til å kunne bli borte snart, ettersom totalrekneskapen for dette produktet ikkje blei bra nok.
Dei siste to åra har det blitt gjennomført mange studiar, testar og forsøk som verkar lovande for både hydrogen og syntetisk fuel. Ingen veit endå om ein vil sjå begge alternativa i framtida, eller berre eit av dei.

Dette vil avhenge av godkjenningar, kostnader og ikkje minst tilgjengelegheit i
marknaden. Luftambulansetjenesten HF og operatørane våre følgjer utviklinga nøye. Intensjonane er å ta i bruk meir miljøvennleg teknologi så snart henne er tilgjengelege for luftfarten.