Kven kan søkje forskingsmidlar?
Som hovudregel må søkjaren vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Les meir om dette og unntak frå regelen under.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Tilsettingskrav
Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.
Ved søknadar om doktorgradsstipend skal ph.d.-kandidaten stå som søkjar. Anten søkjar, hovudrettleiar eller prosjektleiar må vere tilsett (i minimum 20 %) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat, ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Tilsetjinga må komme fram i CV til søkjar, hovudrettleiar og eller prosjektleiar.
Ved søknadar om kliniske forskarstipend skal søkjar vere tilsett i helseføretak/private, ideelle institusjonar i regionen, og ha si stilling i klinisk eller paraklinisk verksemd i minimum 50 % stilling. Forankringsavtale kan ikkje nyttast for denne kategorien.
Søknadstilgang for ikkje-tilsette
Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved følgjande institusjonar søkje med forankringsavtale:
- universitet og høgskular i regionen
- rus- og rehabiliteringsinstitusjonar
Forankringsavtalen skal inngåast mellom helseføretak/privat, ideell institusjon ved klinikk, avdeling eller liknande og søkjarens institusjon ved instituttnivå eller motsvarande. Avtalen skal signerast i tråd med fullmaktsstrukturen i institusjonane, og skal minimum vere på nivået klinikkdirektør, instituttleiar e.l.
Merk! Forankringsavtale kan ikkje nyttast for søknadskategoriane klinisk forskarstipend og klinisk karrierestipend.
Revidert juni 2024.