Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Radiologi – nye avtalar frå september 2022

Unilabs og Evidia er tildelt avtalar innanfor radiologi på Vestlandet. Avtalane gjeld frå 1. september 2022.

Publisert 19.09.2022
Røntgenbilde. Foto.

Unilabs har avtale om radiologitenester i Bergen, Haugesund og Stavanger. Evidia (tidlegare Aleris Røntgen) er tildelt avtalar for Bergen og Stavanger. Avtalane kjem i tillegg til tilbodet som finst i sjukehusa i regionen. Avtalane gjeld for fire år og er på til saman 133 millionar kroner årleg.

I tillegg til dei undersøkingane sjukehusa gjer, blir det gitt avtalar til private leverandørar innanfor​​​ polikliniske radiologitenester i regionen. Slik får ein samla sett eit godt tilbod som dekkjer fleire ulike typar undersøkingar. Det styrkjer også valfridommen til pasientane. Anskaffelsen er gjord basert på kartlegging av behov for radiologiske undersøkingar i heile Helse Vest og eit estimat på kjøp av tenester dei neste åra. Fagpersonar frå helseføretak, Sykehusinnkjøp HF og Helse Vest RHF har bidrege i innkjøpsprosessen.

Rett bruk av radiologiske undersøkingar skal gi raskare avklaring av medisinsk tilstand. Helse Vest har eit ansvar for at kapasiteten på området er god og at det er felles rutinar for radiologi i sjukehusa og hos dei private leverandørane som har avtale med Helse Vest. Avtalane omfattar CT, MR, røntgen og ultralyd alle stadar. Likt som sist, gjeld ikkje avtalane for mammografi.

Helsenorge viser informasjon om ventetider på radiologiske undersøkingar i heile landet, også hos dei private tilbydarane av radiologitenester.