Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Kunngjering om type val

Valet av styremedlemmar, valde av og blant dei tilsette, til styra i helseføretaka og i det regionale helseføretaket, Helse Vest RHF, skal skje som forholdstalsval. Dette betyr at du skal stemme på lister i staden for enkeltkandidatar.

Grafikk med lyseblå sirkler med runde hoder inni.

Hovudside for Val 2023

Kvar liste skal innehalde like mange namn som talet på styremedlemmar og vararepresentantar som skal veljast. På lista for val av styremedlemmar i helseføretaka skal det vere ti namn i prioritert rekkefølgje (fire​ styremedlemmar + seks vararepresentantar).

Unnataket er Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest RHF, der det skal vere åtte namn i prioritert rekkjefølgje (tre styremedlemmar + fem vararepresentantar).​​

1. Kan eg foreslå ei liste?​​

Ja, du kan foreslå eller fremme forslag til eiga liste. 

  • Forslaget ditt må vere underteikna av minst seks personar med stemmerett (Alle som er tilsett i det eller dei aktuelle føretaka på valdagen, jf. § 5 første og annet ledd i «Forskrift til helseforetakslovens bestemmelser om de ansattes rett til representasjon i regionale helseforetaks og helseforetaks styrer.» eller representasjonsforskriften, har stemmerett).
  • https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2002-11-15-1287
  • https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-08-24-1277?q=Forskrift%20om%20de%20ansattes%20rett​
  • Ingen kan skrive u​​​​nder på meir enn eit​​t forslag.
  • Lokale fagforeiningar har også forslagsrett, dei kan stille liste åleine, eller saman med andre lokale fagforeiningar. Ei lokal fagforeining kan berre stå bak éi liste.
  • ​Forslaget til liste må innehalde like mange namn som talet på styremedlemmar og vararepresentantar som skal veljast.
  • Lista må omf​​​​​atte person​​ar av kvart kjønn.
  • Forslag til liste må vere motteke av valstyret seinast 1. februar 2023.

2. Korleis skal ​​lista vere?

  • Namna skal førast opp i den rekkjefølgja dei blir foreslått valde.
  • Ingen kan vere kandidatar på meir enn éi liste.
  • Lista må innehalde for- og etternamn på kandidatane, opplysningar om i kva føretak og kvar i føretaket kandidatane arbeider og kva stilling vedkommande har.

3. Kven kan stå på lista?

  • Den som skal veljast til styreverv må ha stemmerett og ha vore samanhengande tilsett i helseføretaket i minst eitt år.
  • Kandidaten kan ikkje vere i konkurskarantene.
  • Det er ikkje mogleg å ha verv som styremedlem i fleire regionale helseføretak eller lokale helseføretak samtidig.

4. Kva skjer etter at eg h​​ar levert lista mi til valstyret?

  • ​Etter at fristen for å stille forslag til eigne lister går ut den 1. februar 2023, vil valstyra godkjenne vallistene i samsvar med forskriftene og utarbeide valmateriell som skal brukast.

5. Kva skjer om det b​​erre kjem inn eitt forslag til liste?

  • ​Dersom det ikkje kjem inn fleire forslag til lister, blir dei kandidatane som er føreslåtte på denne eine lista valde utan at det blir gjennomført val.

6. Kva skjer der​som det kjem fleire lister?

  • Dersom det kjem forslag til fleire lister, vil du få alt materiell du treng for å stemme, inkludert førehandsfrankert svarkonvolutt, i posten. Valmateriellet vil bli sendt til den adressa som du er registrert med i lønnssystemet. Utsendinga vil skje i midten av februar.
  • Dersom du sender stemma di i posten må ho vere poststempla seinast 22. februar 2023​. Dette er valdagen for alle helseføretaka i regionen, Helse Vest IKT AS og Helse Vest RHF.
  • Oppteljing og kunngjering av valresultatet vil skje så snart valet er gjennomført.

Det skal vere val på to nivå​

Hugs at det skal veljast styremedlemmer på to nivå - både til styret i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS og til styret i det regionale helseføretaket (Helse Vest RHF). Du må derfor stemme i begge desse vala, som vil skje samtidig.​

Hovudside for Val 2023

Sist oppdatert 22.02.2023