Kva skjer no?
Dette er ei kunngjering om type val, og det er fremja krav om forholdstalsval.
Det skal veljast styremedlemmer på to nivå - både til styret i det regionale helseføretaket (Helse Vest RHF) og til styret i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS. Du bør derfor engasjere deg i begge desse vala, som vil skje samtidig.
Valperioden 2023-2025:
Valperioden for dei nye styremedlemmene er frå februar 2023 til februar 2025. Styremedlemmene som er valde av og blant dei tilsette, er likeverdige styremedlemmer på linje med dei som er oppnemnde av eigar i føretaksmøte. Dei har òg dei same rettane og ansvaret.
Dersom ein styremedlem som er vald av dei tilsette sluttar i føretaket, blir vervet avslutta. Ein medlem av styret har møteplikt med mindre vedkommande har lovleg forfall. Vararepresentantar blir kalla inn i den rekkjefølga dei er valde.
Klagerett
I følgje §42 i valforskriftene er det mogleg å klage på valresultatet. Føretaket, lokal fagforeining og den som har stemmerett har høve til å klage. Klagen skal leverast valstyret, som førebur klagehandsaminga i klagenemnda. Frist for å klage er 14 dagar frå det tidspunktet den som har klagerett har fått melding om vedtaket, men seinast 14 dagar etter valdagen. For meir informasjon om gjennomføringa av valet og klagerett, sjå valforskriftene.
Valforskrift Helse Vest RHF og helseføretaka
Valforskrift Helse Vest IKT