Nokre funn frå 2024
|
2019 |
2023 |
2024 |
Reduksjon 2019-2024 |
Scope 1 |
60 723 |
46 227 |
46 891 |
23 prosent |
Scope 2 |
489 016 |
466 430 |
443 904 |
9 prosent |
Scope 2 fratrekk gjenvinningskraft |
- |
265 076 |
296 976 |
- |
Scope 3 |
1 602 515 |
1 444 272 |
1 479 871 |
8 prosent |
Scope 1: 23 prosent reduksjon i CO2 utslepp
Kategoriane som inngår i scope 1 er kuldemedium, medisinske gassar, fossilt brensel og transport frå helseføretaka sine eigne køyretøy. Dei største utsleppskjeldene er bruk av fyringsolje og transport. Helse Bergen har eit høgt forbruk av fyringsolje som bidreg til utslepp av 4 000 tonn CO2 i 2024. Dette er i hovudsak brukt til produksjon av damp og ikkje til oppvarming.
Utslepp frå transport frå helseføretaka sine eigne køyretøy er halverte i perioden og årsaka er at andelen fossilfrie køyretøy aukar gradvis frå år til år. Sidan 2019 har det også vore ein nedgang i bruk av helseekspress, som bidreg til reduserte utslepp. Det er likevel ikkje ønskt utvikling at pasientar køyrer drosje eller eigen bil framfor helseekspress.
I kategorien medisinske gassar inngår anestesigassane desfluran, isofluran, sevofluran og lystgass. I perioden 2019-2024 er bruk av desfluran i helseføretaka redusert med 95 prosent som gir eit utsleppskutt på 2 300 tonn CO2. Det er variasjon i forbruk av lystgass i helseføretaka og det totale forbruket er totalt sett stabilt.
Scope 2: 9 prosent reduksjon i CO2 utslepp
Scope 2 er knytt til energiforbruket i helseføretaka. Det er ei generell positiv utvikling i reduksjon av utslepp frå energiforbruk. Nye bygg, vedlikehaldstiltak og energieffektivisering- og optimalisering bidreg til redusert energiforbruk.
Energiforbruk i helseføretaka er den største utsleppskjelda i klimarekneskapen til spesialisthelsetenesta. I perioden 2019 til 2024 er den samla utsleppsreduksjonen i scope 2 i overkant av 45 000 tonn CO2. Oslo universitetssykehus har åleine kutta 15 000 tonn CO2.
Energiforbruk frå sjukehus blir også målt i graddagskorrigert energiforbruk som tek omsyn til temperatur og areal. 14 av 20 helseføretak har redusert graddagskorrigert energiforbruk.
Sykehuset i Vestfold har i 2024 redusert energiforbruket med 22 prosent og er dermed det første helseføretaket som når felles klima- og miljømål om 20 prosent reduksjon i energiforbruk i perioden 2019-2024.
Scope 3: 8 prosent reduksjon i CO2 utslepp
74 prosent av klimagassutsleppet frå spesialisthelsetenesta kjem frå kjøp av varer og tenester som blir kategoriserte som scope 3. Rekneskapsdata blir nytta for å berekne utslepp frå kjøp av varer og tenester. Det årlege forbruket i helseføretaka påverkar utsleppa, dersom det er auka aktivitet vil det bidra til auka CO2-utslepp.
Kategoriane legemiddel, IKT og medisinsk teknisk utstyr gir størst utslepp for helseføretaka. Desse kategoriane er også prioriterte område i Sjukehusinnkjøps handlingsplan for samfunnsansvar. Eit viktig tiltak for å redusere utslepp i scope 3 er å kutte ut unødvendig forbruk og auke ombruk.