Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest
Ikon

Styret

Helse Vest er eid av helse- og omsorgsdepartementet. Styret er det øvste utøvande organet, og har ansvaret for forvaltninga av det regionale helseføretaket.

Styret har det overordna ansvaret for Helse Vest RHF, inkludert dei fem helseføretaka og IKT-selskapet i regionen. Styret har ansvaret for at oppgåvene i helseføretaka blir løyste til det beste for pasienten.

Hovudoppgåvene til styret er

  • den strategiske utviklinga for spesialisthelsetenesta på Vestlandet
  • utvikling av helsefagleg kvalitet og tenesteinnhald. Styret skal leggje til rette for eit best mogleg helsetilbod i regionen ved bruk av dei ressursane vi har. På regionalt nivå vil det ofte dreie seg om fellesoppgåver i helseføretaksgruppa.
  • organisering og leiing av den samla verksemda i det regionale helseføretaket
  • tilsyn og kontroll med verksemd og drift​ i det regionale helseføretaket, helseføretaka og andre verksemder Helse Vest RHF eig. Styret fører tilsyn med at føretaka driv forsvarleg og arbeidar systematisk med kvalitetsforbetring.

Styret i Helse Vest består av likestilte representantar som er oppnemnde av Helse- og omsorgsdepartementet, og representantar som er valde av og blant dei tilsette.​

 

Styremedlemmar skal vareta dei interessane som tener Helse Vest best. Styret er eit kollegium og utfører oppgåvene sine som eit kollegium. Styremedlemmane representerer ikkje nokre interessegrupper, men møter som individuelle personar med ansvar for alle saker, unnteke det som er fastsett i vedtektene for Helse Vest RHF.
 
Helse- og omsorgsdepartementet bruker føretaksmøte og budsjett for å gi rammer for verksemda.
 
Hovudoppgåvene til styret er knytte til:
 
  1. helsefagleg kvalitet og tenesteinnhald
  2. strategi og mål
  3. organisasjon og leiing
  4. tilsyn med verksemd og drift i føretaket
​Styret har i tillegg ansvar for evaluering av eige arbeid og arbeidsform.
 
Styreleiaren har ansvar for å kalle inn til møte.
 
Administrasjonen i det regionale helseføretaket førebur sakene som styret skal behandle. Styremedlemmane har ansvar for å setje seg grundig inn i sakene før møta.

Alle styremøte er i utgangspunktet opne. Dette betyr at kven som helst kan vere tilhøyrar, og at journalistar kan komme og skrive om det som blir diskutert og bestemt. Alle sakspapir, utgreiingar og referat er offentlege og ligg tilgjengeleg på nett.

Styret har likevel rett og plikt til å lukke enkelte møte, eller sende publikum og presse ut når det skal behandle enkeltsaker. Lukking av styremøte må vere begrunna og i tråd med lovverk og retningslinjer. Eksempel på saker som kan eller må behandlast i lukka møte:

  • Personalsaker, som for eksempel tilsetting eller avskjed av administrerande direktør
  • Anbod og større innkjøp der lova krevjer at prisar og andre forhold i innsendte tilbod skal haldast hemmeleg inntil ein avtale er inngått
  • Salg av hus og eigedomar frå helseføretaka når kontrakten ikkje er underskriven

Instruksen for styret i Helse Vest er utarbeidd i samsvar med dei prinsippa som gjeld for styrearbeid i selskap, medrekna i helseforetak. Formålet med styreinstruksen er å gi retningslinjer for arbeidsforma i styret, innhald og gjennomføring av styremøta, og å fungere som ei rettesnor for styremedlemmane og dagleg leiar når det gjeld rolleforståing, plikter og ansvar.

I tillegg til styreinstruksen er styret bunde av dei reglane som følgjer av lov, vedtekter eller instruks i vedtak frå foretaksmøtet. Det blir særskilt vist til helseføretakslova.​

Styreinstruksen

Styremedlemmene er valde for perioden februar 2023 til februar 2025. 

Styremedlemmene er valde av og blant dei tilsette, og har same ansvar og rettar som medlemmene oppnemnt av eigar i føretaksmøte​​.

Dersom eit styremedlem som er vald av dei tilsette sluttar i føretaket, blir vervet avslutta. Medlem av styret h​​ar møteplikt med mindre vedkommande har lovleg forfall. Vararepresentantar blir kalla inn i den rekkjefølga dei er valde.

​Dei tilsette vel medlemmar til styret for Helse Vest RHF, annakvart år.

Revisjonsutvalet er eit underutval av styret i Helse Vest RHF og har eit særleg ansvar for å støtte styret til å utøve god verksemdstyring gjennom tilsyn med risikostyring og internkontroll i føretaksgruppa.

Les meir og sjå medlemmane i revisjonsutvalet

Maŋemus ođastuvvon 2024-09-23