Page in English
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent stilling) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved universitet og høgskular i regionen, i tillegg til private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon.
Kva kan det søkjast om
Det kan søkjast om inntil kr. 500 000. Det kan søkjast om dekking av kostnadar til personell og drift. Følgjande kostnadar til personell kan bli dekt:
- Støttepersonell som laboratorieteknikar og forskingssjukepleiar o.a.
- Frikjøp av klinisk stilling i sjukehus. Det bør godtgjerast at andre alternativ for forskingsfri er brukt eller ikkje tilgjengeleg, (overlegepermisjon, D-stilling o.a.).
Ved eventuell tildeling
Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).
Brukarmedverknad i forsking
Alle som får Helse Vest sine forskingmidlar, skal ta kurs i brukarmedverknad i forsking. Les meir om brukarmedverknad i Helse Vest.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden:
1. Prosjektframstillinga
Det er utarbeidd felles
mal for prosjektframstilling som skal nyttast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).
2. Andre obligatoriske vedlegg
Skal lastast opp samla som eitt PDF-dokument:
- Søkar sin CV sjå forslag til CV) og publikasjonsliste siste 5 år
- Forankringsavtale dersom aktuelt (sjå informasjon om
kven som kan søkje )
Revidert i juni 2021.