Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Ønskjer kandidatar til forskingsprisen og innovasjonsprisen i Helse Vest for 2019

Helse Vest og Det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon inviterer leiarar og medarbeidarar ved helseføretak/sjukehus, universitet og høgskular i regionen til å komme med forslag til kandidatar til dei to prisane.

Publisert 08.08.2019
Sist oppdatert 09.08.2019
Bjørnefjorden. Foto.

Fristen for å fremje kandidatar er innan 14. september 2019. Prisane blir delte ut i samband med Forskingskonferansen i Helse Vest som blir arrangert på Solstrand Hotel og Bad i Os utanfor Bergen, torsdag 24. og fredag 25. oktober 2019.

Forslagsskjema

Ønskjer du å fremje forslag må du fylle ut forslagsskjema.

Skjemaet sender du på e-post til: forskning@helse-vest.no
Merk e-posten «Forskingsprisen/Innovasjonsprisen 2019".

Det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon har oppnemnt to komitear – éin for kvar av dei to prisane – som skal vurdere forslaga. Forslaga vil bli behandla konfidensielt.

Meir om prisane som skal delast ut i 2019:

Forskingsprisen i Helse Vest

Prisen skal tildelast forskar, forskingsmiljø eller ung forskar (under 40 år) som gjennom si forsking har bidrege til å styrkje eit forskingsfelt eller eit forskingsbasert helsetenestetilbod. Forskinga skal vere av ein karakter og standard av betyding for forskingsnivået og/eller tenestetilbodet i regionen.

Det kan fremjast forslag til kandidatar (forskar, forskingsmiljø eller ung forskar) som har bidrege til utvikling av:

  1. eit forskingsområde
  2. forskingssamarbeid-/miljø eller
  3. som gjennom si forsking har forbetra klinisk praksis i Helse Vest.

Den årlege forskingsprisen i Helse Vest består av 200 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare forsking.

Sjå også retningslinjene

Innovasjonsprisen i Helse Vest

Innovasjonsprisen blir tildelt éin eller fleire personar som gjennom sitt arbeid har bidrege til utvikling av ein ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgjer eit konsept som kan brukast på nytt i helsesektoren. Prisen kan bli gitt både med utgangspunkt i forskingsdriven og behovsdriven innovasjon.

Utviklinga skal vere gjort synleg gjennom at idé-/innovasjonsprosjektet enten er innrapportert og/eller vidareutvikla saman med regionkontoret til Innovasjon Norge, InnoMed, Norges forskningsråd eller eitt av regionens to Technology Transfer Offices (TTO).

Samtidig vil også interne prosjekt som ikkje er synleggjort gjennom dei nemnde aktørane kunne komme i betraktning. I slike tilfelle vil det bli vektlagt om produktet, prosessen eller tenesta er teke i bruk og om det kan visast til nytten innovasjonen har hatt for sjukehuset.

Prisen som blir tildelt, består av 100 000 kroner og eit kunstverk.
Prisbeløpet skal nyttast til vidare innovasjonsarbeid.

Sjå også retningslinjene