Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Utlysing av midlar til forsking i mindre helseføretak og i private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest

Det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon i Helse Vest lyser ut 7 millionar kroner per år over tre år (til saman 21 millionar kroner) for perioden 2025 tom 2027. Fristen for å søkje midlane er 30. januar kl. 16.00.

Publisert 10.12.2024
Sist oppdatert 11.12.2024

Page in English

Målet med satsinga er å bygge opp forskingsverksemda og sikre gode forskingsmiljø i mindre helseføretak og i private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest, gjennom etablering av større prosjekt innan fagområde som er av stor betyding for søkjarinstitusjonen og/eller strategisk kompetansebygging knytt til Vestlandslegen. For at satsinga skal kunne gi eit vesentleg bidrag når det kjem til å løyse helsetenestene sine utfordringar, er det viktig at den er utforma på ein ambisiøs og framtidsretta måte. Satsinga må vere godt forankra i toppleiinga i søkjarinstitusjonen og det blir stilt krav til eigenfinansiering.  

Følgjande helseføretak og institusjonar kan stå som søkjarinstitusjonar:  

  • Helse Fonna HF 
  • Helse Førde HF 

Eigenfinansiering  

Det er krav til eigenfinansiering frå søkjarinstitusjonen, minimum 25 prosent av totalkostnaden for prosjektet. Eigenfinansieringa må vere friske midlar, og det skal i søknadsskjemaets budsjettmodul synleggjerast kva eigenfinansieringa består av. Eigenfinansieringa kan bestå av personell (midlar til frikjøp, stipendiatar, koordinator og anna forskingsstøttepersonell), driftsmidlar og midlar til nettverksaktivitetar. Eigenfinansieringa må stadfestast gjennom vedlegg signert av leiinga i føretaket/institusjonen (sjå mal for leiarforankring). Dette gjeld for søknader i begge kategoriane. 

1. Strategisk satsing (prosjektstøtte)

Strategiske satsingar til mindre helseføretak skal vera meir enn eit ordinært forskingsprosjekt. Satsingane til mindre helseføretak skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å sikra forsking og oppbygginga av forskingskompetanse og forskingsmiljø i dei mindre helseføretaka både i tildelingsperioden og vidare. Dersom prosjektet skal støtte opp om Vestlandslegen skal ein gjere greie for korleis det vil bidra til å fremje realisering av ordninga.     

 

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet:  

Det skal vere éin prosjektleiar og éin ansvarleg institusjon i kvar satsing. Prosjektleiar – den som er fagleg ansvarleg for prosjektet – skal stå som søkjar. Søkjar skal som eit minimum ha avlagt doktorgrad. Søkjaren må ha hovudtilknyting ved søkjarinstitusjonen, sjå over. 

Kva kan det søkjast om: 

Personell:  

  • Frikjøp av klinikar (grunnløn) 
  • Forskingsstøttepersonell som koordinator, laboratorieteknikar, forskingssjukepleiar mv.  
  • Doktorgradsstipend og postdoktorstipend – det kan søkjast om både namngjevne og ikkje-namngjevne stipend. Det kan søkjast om inntil 75 % av Helse Vests stipendsats. Satsen skal dekke til løn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet. 

Drift:  

  • Driftskostnadar inkludert kostnadar til brukarmedverknad
  • Nettverksaktivitetar (til dømes konferansar, møteverksemd)

 

Merk at det ikkje kan søkjast om midlar til infrastruktur/utstyr. Det kan heller ikkje søkjast om forskarløn utover det som er presisert over.  

Prosjektet skal sette av midlar til prosjektleiing og koordinering. Dette skal synleggjerast i søknadsskjemaets budsjettmodul.  

Tildelingsramma per prosjekt (finansiert av Helse Vest) er minimum kr 1 mill. årleg og maksimum kr 2,5 mill. årleg i 3 år. 

2. Strategisk kompetansebygging (ph.d.-stipend)

Stipenda må vere knytt til Vestlandslegen i Helse Førde eller Helse Fonna. Ein skal gjere greie for korleis prosjektet vil bidra til å fremje realisering av Vestlandslegen.

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet:  

For søknadar om doktorgradsstipend skal stipendiaten stå som søkjar, og stipendet kan ikkje overførast til andre. Søkjar må ha avlagt masterutdanning eller motsvarande (jf. krav om karakterutskrift som skal leggjast ved søknaden). Søkjar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori. 

Søkjaren må ha hovudtilknyting ved søkjarinstitusjonen, sjå over. 

Namn på rettleiarar, prosjektleiar og anna skal gå fram av deltakarlista, jf. søknadsskjema. Minst éin av rettleiarane skal vere tilsett ved eit universitet eller høgskule i regionen. Hovudrettleiar må ha hovudstilling ved ein institusjon i Norge, som hovudregel i regionen. 

Kva kan det søkjast om:  

Det kan søkjast om doktorgradsstipend for anten tre år (100 % stilling) eller seks år (50 % stilling).  Doktorgradsstipend blir tildelt etter sats som blir regulert årleg med utgangspunkt i estimert prisstigning i statsbudsjettet. Det kan søkjast om inntil 75 % av Helse Vests stipendsats. Satsen skal dekke til løn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.  

Behov for driftsmidlar ut over det som ligg i stipendsatsen, skal dekkjast frå andre kjelder. I søknaden må det gjerast greie for finansiering av kostnadar som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet, men som ikkje dekkjast av satsen. 

Det kan ikkje søkjast om stipend for fullføring av doktorgrad. 

Søknadane vil bli vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar. Desse hovudelementa inngår i vurderinga: 

 

Vitskapeleg kvalitet  

  1. Design og originalitet, 20 %
  2. Gjennomføring, 20 %
  3. Søkjar og forskingsmiljø, 10 %

Forventa nytteverdi  

  1. Grunngjeving i behov, 20 %
  2. Implementering, 20 %
  3. Betydning av ny kunnskap og kompetansebygging, 10 %

Andre obligatoriske element i vurdering av søknader er gjennomslagskraft og synlegheit samt plan for brukarmedverknad. Les meir om kva som inngår i vurderingskriteriene på Helse Vests nettsider for forsking: Formål og kriterium - Helse Vest RHF. Vurderinga av vitskapeleg kvalitet og nytte vil bli gjort av ein ekstern vurderingskomité, dvs. med medlemmer utanfrå Helse Vest.    

 

Søknadar som ikkje oppfyller krava sett for utlysinga kan bli avviste. Prosjektleiar (søkjar) har ansvar for å sikre at søknaden er komplett og at alle krav er overhaldne.  

 

Under er det lista opp årsaker til at søknaden blir avvist

Årsak Grunnlag for avvisning
Søknadsfrist

Søknaden er forsøkt levert inn etter at søknadsfristen er utløpt. 

Databasen blir stengd automatisk. Søknaden kan ikkje ettersendast på e-post.

Fleire søknader i same søknadskategori  Søkjarar har  berre høve til å sende ein søknad for kvar søknadskategori. Dersom det sendast fleire søknader i same kategori vil berre ein søknad sendast videre til vurderingskomiteen. 
Ikkje komplett søknad

Søknaden manglar obligatoriske vedlegg, eller at vedlegga ikkje er i høve til krava. 

Vedlegg kan ikkje ettersendast per e-post etter at søknadsfristen er utløpt. Sjå eSøknad for informasjon om kva vedlegg som er obligatoriske

Søknad overheld ikkje formatkrav  Prosjektbeskrivinga overstig maksimal lengde på ti A4-sider inkludert figurer/tabellar og referanseliste og appendiks.
Brukarmedverknad  Prosjektframstillinga manglar informasjon om brukarmedverknad i prosjektet. Dette gjeld også om brukarmedverknad ikkje er relevant. 
Søknadsbeløp   Det er søkt om høgare beløp enn det som er tillate for søknadskategorien.
Eigenfinansiering  Kravet til eigenfinansiering frå søkjarinstitusjonen er ikkje oppfylt. For denne utlysinga skal eigenfinansiering vere minimum 25 prosent av totalkostnaden for prosjektet. Eigenfinansieringa må vere friske midlar. 

Særleg for doktorgradsstipend

  • Stipenda må vere knytt til Vestlandslegen i Helse Førde eller Helse Fonna.
  • For søknadar om doktorgradsstipend skal stipendiaten stå som søkjar, og stipendet kan ikkje overførast til andre.
  • Søkjar må ha avlagt masterutdanning eller motsvarande (jf. krav om karakterutskrift som skal leggjast ved søknaden).
  • Søknaden er ikkje klårt knytt til Vestlandslegen
  • Det er ikkje dokumentert at søkjar har godkjent mastergrad på søknadstidspunktet 
  • Kandidaten har ikkje sin hovudtilknyting til søkjarinstitusjonen
  • Kravet om at minst ein av rettleiarane er tilsett ved eit universitet eller høgskule i regionen er ikkje oppfylt
  • Hovudrettleiar har ikkje hovudstilling ved ein institusjon i Norge
  • Det er søkt om stipend for fullføring av doktorgrad 
Særleg for prosjektstøtte
  • Søkjar (prosjektleiar) har ikkje avlagd doktorgrad. 
  • Søkjaren har ikkje hovudtilknyting ved søkjarinstitusjonen. 

 

  • Personell finansiert av midlane skal tilsetjast i søkjarinstitusjonen. 
  • Forskingsmidlane skal tildelast og handterast av søkjarinstitusjonen. 
  • Midlane kan berre nyttast til prosjektet det er søkt midlar til. 
  • Midlane skal nyttast i tråd med tildelinga, dei overordna retningslinjene og prinsippa for Helse Vest sine forskingsmidlar og søkjarinstitusjonane sine retningslinjer. 
  • Det kan ikkje takast dekningsbidrag av midlane. 

Søknaden skal leveres via eSøknad

 

To obligatoriske vedlegg skal følgje den elektroniske søknaden:

  1. Prosjektframstilling. Det er utarbeidd ein mal for prosjektframstilling.
  2. Andre vedlegg:
    • Søkers CV og publikasjonsliste siste 5 år. Det skal tydelig skilles mellom vitenskapelige artikler og andre forskningspublikasjoner.
    • For søknad om ph.d.-stipend skal hovedveileders CV og publikasjonsliste (siste fem år) legges ved
    • CV og publikasjonsliste kan også legges ved for sentrale samarbeidspartnere. 
    • Uttalelse fra ledelsen ved søkerinstitusjonen der det bekreftes at søkerinstitusjonen stiller opp med egenandel, og det beskrives hvordan prosjektet er strategisk viktig og evt. bygger opp under realiseringen av Vestlandslegen. Bruk egen mal til dette. 

Merk: Manglende vedlegg vil føre til at søknaden ikke blir faglig vurdert.

 

Vedtak om tildeling og tilbakemelding på søknaden​​​ 

Fordeling av forskingsmidlane blir vedteke etter innstilling av ekstern komité, innan utgangen av mars 2025. Informasjon om kven som får tildelt midlar vil bli publisert på Helse Vest sine nettsider, og alle søkjarar vil bli varsla når tildelinga er offentleggjort.  

Søknadar som ikkje får tildelt midlar vil få ei kort skriftleg grunngjeving på avslaget. Merk at tilbakemeldinga er av overordna og generell karakter. Det er høve til å klage på saksbehandlingsfeil, sjå Retningslinjer for tilbakemelding og klagetilgang. 

 

Dersom du har spørsmål om utlysinga​​: 

Det blir helde informasjonsmøte om utlysinga på MS Teams,17. desember kl. 15-16.30. Alle interesserte er velkommen. 

Bli med i møtet

Spørsmål? Ta kontakt med Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking: forskning@helse-vest.no​​