Det er etablert lærings- og meistringssenter (LMS) i alle helseføretaka i Helse Vest. Lærings- og meistringssentra er ein møteplass for helsepersonell, erfarne brukarar, pasientar og deira pårørande.
Læringstilboda blir utvikla, gjennomførte og evaluerte i eit likeverdig samarbeid mellom fagpersonar og brukarar, som deler erfaringar og kunnskap. Gjennom læringstilboda får pasientar og pårørande informasjon, kunnskap og bistand til å handtere langvarig sjukdom og helseforandringar, med mål om betre innsikt i og meistring av eigen situasjon.
Lærings- og meistringssentra er ein ressurs for helseføretaka når det gjeld gruppebasert pasient- og pårørandeopplæring. Dei gruppebaserte opplæringstilboda kjem i tillegg til individuell informasjon og opplæring i avdelingane.
Fleire av helseføretaka har desentraliserte lærings- og meistringstilbod slik at tilboda skal vere lettare tilgjengelege for brukarane.