Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest
Mannsperson som trener i basseng. Foto.

Habilitering og rehabilitering

Habilitering og rehabilitering skal hjelpe pasienten til å meistre livet sitt, vere sjølvstendig og kunne delta sosialt og i samfunnet.

Regional plan for habi​litering og rehabilitering​

Habilitering rettar seg mot barn og vaksne som har medfødde skadar, eller har fått helse- eller funksjonsproblem tidleg i livet. Habilitering er ulike aktivitetar som har til hensikt å byggje opp eller gjenopprette viktige funksjonar slik at pasienten i større grad sjølv kan meistre kvardagen.

Menneske som treng habilitering kan ha cerebral parese, ulike syndrom eller forseinka motorisk eller kognitiv utvikling. Dei kan også ha autismespekterforstyrringar, utviklingsforstyrringar og komplekse tilstandar som medfører alvorlege og samansette funksjonsnedsettingar. Oppgåver for habiliteringstenestene er utgreiing både på diagnose og funksjon, diagnostisering, behandling, råd og rettleiing, kurs og pasientopplæring.

Helsehjelpa blir tilpassa den enkelte pasienten og omgivnadane. Hjelpa er tverrfagleg og spesialisert, mens arbeidsformen er poliklinisk og mobil. Habiliteringstenestene samarbeider med familien og fagpersonar i hjelpeapparatet.

Rehabilitering handlar om menneske som må lære seg å innrette livet på nytt. Dei må trene på funksjonar som før var ein selvfølge, og dei må lære seg å meistre ein ny livssituasjon. Pasienten skal ha eit aktivt kvardagsliv.

Rehabilitering skjer både i spesialisthelsetenesta og i kommunane. Rehabilitering er ei tverrfaglig behandling med samarbeid mellom både sjukehus, rehabiliteringsinstitusjonar, fastlege, private fysioterapeutar.

Tilbod og tilvising

Regional koordinerande eining gir informasjon om habiliterings- og rehabiliteringstilbod i Helse Vest. Der finn du informasjon om dei koordinerande einingane i kommunane, i dei ulike helseføretaka våre, tilboda om habilitering og rehabilitering og informasjon om læring og meistring.

Regional koordinerande eining (RKE)

Helse Vest har i tillegg til rehabiliteringstilbodet som finst i sjukehusa, avtalar om spesialiserte rehabiliteringstenester med private institusjonar i Helse Vest.

Sjå kven Helse Vest har avtale med

Det er den Regionale vurderingseininga for rehabilitering som tek i mot, vurdere og behandlar alle tilvisingar til private rehabiliteringsinstitusjonar (somatikk) frå fastlegar og privatpraktiserande avtalespesialistar for pasientar busette i Helse Vest.

Tilvising rehabilitering

Regional vurderingseining for rehabilitering

Kompetansesenteret driv forsking, fagutvikling, nettverksbygging og undervisning innan habilitering og rehabilitering i Helse Vest.

Senteret er også tillagt funksjonane Regional koordinerande eining for habilitering og rehabilitering og Regional vurderingseining for rehabilitering.

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering

Regional koordinerande eining (RKE)

Den nasjonale rehabiliteringstelefonen har gratis grønt nummer, tlf. 800 300 61

Telefonen er betjent måndag til fredag frå klokka 09:00 til 15:00.

Rehabiliteringstelefonen er landsdekkjande med rådgivarar i kvar region. Telefontilbodet er for pasientar, pårørande og helsepersonell.

Det er Regional koordinerande eining (RKE) som har ansvaret for rehabiliteringstelefonen

Les meir

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

§ 3.Definisjon av habilitering og rehabilitering

Habilitering og rehabilitering skal ta utgangspunkt i den enkelte pasients og brukers livssituasjon og mål.
Habilitering og rehabilitering er målrettede samarbeidsprosesser på ulike arenaer mellom pasient, bruker, pårørende og tjenesteytere. Prosessene kjennetegnes ved koordinerte, sammenhengende og kunnskapsbaserte tiltak.

Formålet er at den enkelte pasient og bruker, som har eller står i fare for å få begrensninger i sin fysiske, psykiske, kognitive eller sosiale funksjonsevne, skal gis mulighet til å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne, selvstendighet og deltagelse i utdanning og arbeidsliv, sosialt og i samfunnet.

Endret ved forskrift 10 april 2018 nr. 556 (i kraft 1 mai 2018).

Lovteksten på bokmål.

    Maŋemus ođastuvvon 2024-09-30