Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
Personer som går tur på Jærstrendene. Foto.

Fysisk helse

Fysisk helse er god kroppsleg helse, som blir oppnådd gjennom ein god balanse mellom regelmessig mosjon, sunn diett og kvile. I sjukehusa blir fysisk helse ofte kalt somatikk.

​Pasientar ​og pårørande på Vestlandet skal bli møtte med respekt og tryggleik. Sjukehusa skal gjere undersøkingar med god kvalitet innanfor dei fristane som gjeld til ei kvar tid.

​Behandling kan vere dagbehandling, døgnbehandling, poliklinisk behandling og ambulant verksemd. Avhengig av sjukdom, blir det vurdert kva type behandling som passar.

For å bli tilvist til behanlding ved eit av sjukehusa i Helse Vest eller ein behanldingsinstitusjon som har avtale med oss, må fastlegen sende ei tilvising. Ande behandlarar som psykologar, fysioterapeutar, manuellterapeutar og kiropraktorar kan tilvise til spesialist innafor sine fagområde.

Les meir om tilvising på nettsidene til sjukehusa våre

Les meir om vurdering av tilvising på helsenorge.no

Helse og arbeid - rehabilitering​

Nummeret til medisinsk naudtelefon gjeld over heile landet.

Gi kortfatta informasjon om:​​

  • kvar hendinga er
  • kva telefonnummer du ringjer frå (og kven du er, dersom tida tillet det)
  • kva som er problemet og situasjonen på staden

Den du får kontakt med på medisinsk naudhjelp, vil sørgje for at hjelp blir varsla.

Pårørande kan vere foreldre, barn, søsken, ektefelle, besteforeldre, venner, partnar. Sjukehusa gir tilbud til alle som definerer seg sjølv som pårørande.

Når pasienten er i behandling, gjeld lova om pasient- og brukerrettar. Då er det pasienten sjølv som bestemmer kven som er pårørande. Pårørande har då tilgang til informasjon om, og involvering i behandlinga, etter pasientens samtykke.

Pårørande har krav på generell informasjon om behandlingsstaden, uavhengig av om pasienten samtykker eller ikkje.

Meir informasjon for pårørande på helsenorge.no

Barn treng openheit om sjukdom (helsenorge.no)

Barns Beste - nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørande

Opplæringa skjer ofte ved eit Lærings- og meistringssenter (LMS). Opplæringa skal gi pasientar og pårørande kunnskap, ferdigheiter og haldninger og slik bidra til at dei kan handtere sjukdom og fremme helse i kvardagen.

Kunnskap og innsikt gjer det enklare for pårørande og pasientar å meistre det nye livet. Opplæring blir gitt både individuelt og i grupper, til personar med ein bestemt diagnose diagnoseuavhengig.

​Les m​​eir om opplæring

Sist oppdatert 01.10.2021