Kristoffer Joner

Snakk om sjølvmord

Det kan redde liv

​Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og ein kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe.

Å snakke om sjølvmordstankar er som å skru på lyset i eit mørkt rom. Det vi trur skjuler seg i mørket, blir mindre farleg eller forsvinn. Det er hjelp å få, og det første steget er å tore å seie det vanskelege ordet sjølvmord. Det er til dømes ikkje slik at det blir fleire sjølvmord dersom vi snakkar om sjølvmordstankar. Det er ikkje farleg å spørje, men vi må vere førebudde på å tole å høyre svaret.

Saka er, som med alt anna, at det ofte blir betre når vi snakkar om det. 

På denne sida finn du tips og råd til kva du skal sjå etter, korleis du kan ta den vanskelege samtala og kor du kan få hjelp.

 


 

Teikn på at ein person kan ha sjølvmordstankar

Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og du kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe.

Fareteikn kan vere at den det gjeld

  • verkar tristare og endrar oppførsel
  • kjenner seg verdilaus
  • opplever å vere ei byrde for andre
  • snakkar om at livet ikkje er verdt å leve
  • manglar håp for framtida
  • er uvanleg oppteken av døden
  • brått fokuserer på økonomiske plikter som testament, forsikringar og lån
  • bruker meir alkohol, medisinar eller narkotika enn før
  • oppfører seg annleis enn før
 

 

Vis at du bryr deg

Ofte er det nok at du viser at du bryr deg. Saka er, som med alt anna, at det ofte blir betre når vi snakkar om det.

Hjelpetelefonar og anna hjelp

  • Fastlegen har informasjon om ulike lavterskeltilbod der du bur og kan sende tilvising til psykolog eller anna behandling i kommune eller spesialisthelsetenesta
  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117
  • Ved livstruande situasjonar, ring naudnummer 113
  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • helsenorge.no - hjelpeside
Fann du det du leitte etter?