Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Førebygging av sjølvmord – tips til helsepersonell og fagfolk

Helsepersonell og fagfolk i kommunar og skular spelar ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje sjølvmord. Vi har laga ei oversikt over ressursinformasjon og e-læringskurs i sjølvmordsrissikovurdering som kan støtte deg i det førebyggjande arbeidet.

helsepersonell i samtale

​​Målet er å gjere deg som jobbar i helsetenesta eller i kommune betre rusta til å fange opp dei som slit med sjølvmordstankar, og til å ta dei vanskelege samtalane med dei det gjeld.

I Noreg døyr om lag 600 menneske av sjølvmord kvart år. I tillegg blir det antatt at mellom 3 500 og 7 500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. Tala er stabile over tid og det er ingen større regionale forskjellar. Men trass i det store omfanget, blir det ikkje snakka om.

For å opplyse befolkninga på Vestlandet om at det ikkje er farleg å snakka om sjølvmordstankar, og at det er hjelp få, planlegg Helse Vest ein folkeopplysingskampanje på Vestlandet vinteren 2020.

Hovudbodskapet er «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.». Kampanjen skal motivere kvar og ein av oss til å ta den livreddande samtalen med den vi er bekymra for. Som del av kampanjen er det oppretta ei nettside (helse-vest.no/selvmord) som gir tips og råd til kva du skal sjå etter, korleis du kan ta den vanskelege samtala og kor du kan få hjelp.

I forkant av opplysningskampanjen vil Helse Vest bidra med kompetansespreiing og informasjon til kommunane på Vestlandet, og gjere dei som jobbar i kommunane betre rusta til å fange opp dei som slit, og til å ta dei vanskelige samtalene.

Det er og laga ei eiga nettside med informasjon til helsepersonell og fagfolk med informasjon om korleis dei kan ta ei aktiv rolle i å førebyggje sjølvmord.

Fastlegar og helsepersonell spelar ei viktig rolle for å førebyggje sjølvmord. Tal frå ein landsomfattande registerstudie viser at 80 % av dei som tek sjølvmord har vore hos fastlegen året forut for sjølvmordet – men ikkje snakka om tankane sine. I tillegg viser studien at dei som tek sjølvmord har vore oftare hos fastlegen enn befolkninga generelt.

Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF) har utvikla eit nettbasert kurs om sjølvmordsrisikovurdering for legar og psykologar som jobbar i primærhelsetenesta. Kurset gir ei innføring i korleis gjere ei sjølvmordsrisikovurdering, og er poenggjevande for legar og psykologar.

e-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering (NSSF)

Du kan finne anna resursinformasjon på nettsidene til NSSF. 

NSSF

Dersom du har behov for ekstra støtte foreksempel knytt til ei spesiell sak kan Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest) vere ein nyttig støttefunksjon. RVTS Vest tilbyr kompetanseheving om sjølvmord og sjølvskading i form av faste eller tilpassa opplæringsprogram, rådgjeving i enkeltsaker, rettleiing i gruppe, fagdagar, samt bistand til arbeid med kommunale handlingsplanar. Førespurnader om kompetanseheving kan rettes til deira inntaksteam per e-post eller telefon. Sjå RVTS Vest sine nettsider for meir informasjon.

RVTS Vest

Tilvising av pasient med sjølvmordstankar 

Ikkje alle pasientar med sjølvmordstankar eller anna psykisk sjukdom skal ha behandling i spesialisthelsetenesta. Dei med lettare psykisk sjukdom skal kunne få hjelp i lavterskeltilbod i kommunane. Det finnes også fleire sjølvhjelpsverktøy og behandling via internett (eMeistring), der ventetidene er korte, samtidig som behandlinga kan vise til svært gode resultat.

eMeistring tilbyr veileda internettbehandling til dei som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon. Pasientar treng tilvising frå fastlegen for å ta del i behandlinga.

eMeistring

Digitale sjølvhjelpsverktøy kan hjelpe pasientar å meistre psykiske plager som stress, uro og milde og moderate depresjonar. Verktøya er gratis, godkjende av norske fagmiljø og har gjennomgått ei sikkerheits- og personvernvurdering.
Digitale sjølvhjelpstenestar på helsenorge.no

Ventetidene til behandling i psykisk helsevern for vaksne i Helse Vest er  i snitt 36 dager (per september 2020). For barn og unge er ho 30 dagar. Dei som treng akutt hjelp får hjelp med ein gong.

Helsetenesta i kommunane er viktige arenaer for tidleg avdekking av sjølvmordsåtferd. Kommunen er også ein arena for god omsorg og behandling for risikofaktorar som depresjon, angst, risikofylt og skadeleg rusmiddelbruk og alvorlege livskriser. Det å identifisere personar som er i risikosona for sjølvmordsforsøk kan redde liv.

Helsedirektoratet har utarbeida ein rettleiar til kommunane med råd og anbefalingar for korleis dei kan organisere og styrkje det førebyggjande arbeidet.

Sjølvskading og sjølvmord - rettleiande materiell for kommunane om førebygging

Kommunal handlingsplan om sjølvmord og sjølvskading

Dei regionale ressurssentra om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) har utvikla ein nettressurs som kan bistå kommunar i arbeidet med kommunale handlingsplanar. Her finn du blant anna ei oversikt over kva sentrale tema ein handlingsplan bør innehalde, tips til korleis din kommune kjem i gang med arbeidet og tips til korleis du kan sette i verk tiltaka i planen. 

Dersom din kommune ønskjer å lage ein plan for korleis dykk skal arbeide for å førebyggje sjølvmord kan Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest) bistå i utarbeidinga. 

e-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering

Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF) har utvikla eit nettbasert kurs om sjølvmordsrisikovurdering for legar og psykologar som jobbar i primærhelsetenesta. Kurset gir ei innføring i korleis gjere ei sjølvmordsrisikovurdering, og er poenggjevande for legar og psykologar.

Kurset kan òg vere nytteg for andre som jobbar med personar, for eksempel i skule eller ved helsestasjon.

e-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering (NSSF)

Du kan òg finne anna ressursinformasjon på nettsidene til RVTS Vest og NSSF. Dersom du har behov for ekstra støtte, for eksempel knytt til ei spesiell sak kan dei vere gode støttefunksjonar. 

RVTS Vest tilbyr kompetanseheving om sjølvmord og sjølvskading i form av faste eller tilpassa opplæringsprogram, rådgjeving i enkeltsaker, rettleiing i gruppe, fagdagar, samt bistand til arbeid med kommunale handlingsplanar. Førespurnader om kompetanseheving kan rettes til deira inntaksteam per e-post eller telefon. Sjå RVTS Vest sine nettsider for meir informasjon.

RVTS Vest

NSSF

Sjølvmordsførebyggande arbeid i skolen kan bidra til å redusere talet på sjølvmordsforsøk og sjølvmord. Skolen kan ha ei viktig rolle i å førebyggje psykisk uhelse og har plikt til å leggje til rette for trygge læringsmiljø som fremmer helse, trivsel og læring.

Livet på timeplanen er både eit kompetansehevingsprogram og ein nettressurs. Nettressursen gir informasjon om korleis ein kan fange opp barn og unge som skader seg sjølv, eller har sjølvmordstankar. Målgruppa for nettressursen er lærarar, skulehelseteneste, skuleleiing og pårørande. Programmet er utvikla av Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest).

Livet på timeplanen

På nettsida finn du også mykje anna godt materiell som filmar, samtaleguidar som kan brukast i samtale med elevar, til førebuing eller i samtale med pårørande etter sjølvmord.

 

RVTS Vest kan òg vere ein nyttig støttefunksjon dersom du har behov for ekstra støtte, foreksempel knytt til ei spesiell sak. RVTS Vest tilbyr kompetanseheving om sjølvmord og sjølvskading i form av faste eller tilpassa opplæringsprogram, rådgjeving i enkeltsaker, rettleiing i gruppe, fagdagar, samt bistand til arbeid med kommunale handlingsplanar. Førespurnader om kompetanseheving kan rettes til deira inntaksteam per e-post eller telefon. Sjå RVTS Vest sine nettsider for meir informasjon.

Digitale sjølvhjelpsverktøy kan hjelpe pasientar å meistre psykiske plager som stress, uro og milde og moderate depresjonar. Verktøya er gratis, godkjende av norske fagmiljø og har gjennomgått ei sikkerheits- og personvernvurdering.

Digitale sjølvhjelpstenester på helsenorge.no

Hjelp til unge på nett

Sosiale media er ein naturleg og integrert del av livet til dei fleste barn og unge i Noreg. Barn og unge kommuniserer også mykje seg imellom på internett om både det som er bra og det som er vanskeleg. NSSF har omsett og tilpassa rettleiaren #chatsafe, som inneheld tips og verktøy for korleis unge kan snakke om sjølvmord på ein trygg måte på internett.

#chatsafe

I Regjeringa sin nye handlingsplan for førebygging av sjølvmord skal ein nullvisjon bidra til at sjølvmordsførebygging blir prioritet høgare. God behandling av psykiske lidingar, spesielt depresjon, kan førebyggje sjølvmord. Den nye handlingsplanen inneheld tiltak for å gi rask hjelp og sikre gode behandlingsforløp – frå første kontakt i kommunen til behandling i spesialisthelsetenesta.

Nasjonal handlingsplan for å førebyggje sjølvmord

Tips til deg som pårørande

Her finn du tips til korleis du kan snakke med nokon om sjølvmordstankar, kva du bør gjere om nokon fortel deg at dei har sjølvmordstankar og informasjon om kor det finnst hjelp å få.
Les meir
trist ung gutt og bekymret mann

Digitale sjølvhjeplsverktøy

Digitale sjølvhjelpsverktøy kan hjelpe deg å meistre psykiske plager som stress, uro og milde og moderate depresjonar. Verktøya er gratis, godkjende av norske fagmiljø og har gjennomgått ei sikkerheits- og personvernvurdering.
Les meir
hand som tastar på mobilen

eMeistring

eMeistring tilbyr veileda internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon. Du treng tilvising frå fastlegen for å ta del i behandlinga.
Les meir
behandling via internett
Sist oppdatert 01.12.2020