Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
Kristoffer Joner

Snakk om sjølvmord

Det kan redde liv

​Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og ein kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe.

Å snakke om sjølvmordstankar er som å skru på lyset i eit mørkt rom. Det vi trur skjuler seg i mørket, blir mindre farleg eller forsvinn. Det er hjelp å få, og det første steget er å tore å seie det vanskelege ordet sjølvmord. Det er til dømes ikkje slik at det blir fleire sjølvmord dersom vi snakkar om sjølvmordstankar. Det er ikkje farleg å spørje, men vi må vere førebudde på å tole å høyre svaret.

Saka er, som med alt anna, at det ofte blir betre når vi snakkar om det. 

På denne sida finn du tips og råd til kva du skal sjå etter, korleis du kan ta den vanskelege samtala og kor du kan få hjelp.

 


 

Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og du kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe.

Fareteikn kan vere at den det gjeld

  • verkar tristare og endrar oppførsel
  • kjenner seg verdilaus
  • opplever å vere ei byrde for andre
  • snakkar om at livet ikkje er verdt å leve
  • manglar håp for framtida
  • er uvanleg oppteken av døden
  • brått fokuserer på økonomiske plikter som testament, forsikringar og lån
  • bruker meir alkohol, medisinar eller narkotika enn før
  • oppfører seg annleis enn før
 


 

Råd til deg som har sjølvmordstankar

Her finn du tips til korleis du kan fortelle nokon om tankane dine, informasjon om kor du kan få god hjelp og lenkjer til nokre sjølvhjelpsverktøy som kanskje kan vere nyttige for deg.
Les meir
mann bekymret

Råd til deg som er bekymra for nokon

Her finn du tips til korleis du kan snakke med nokon om sjølvmordstankar, kva du bør gjere om nokon fortel deg at dei har sjølvmordstankar og informasjon om kor det finnst hjelp å få.
Les meir
trist ung gutt og bekymret mann

Råd til helsepersonell og fagfolk

Her finn du meir informasjon om korleis du kan ta ei aktiv rolle i å førebyggje sjølvmord, i tillegg til lenkjer til kurs og anna ressursinformasjon.
Les meir
helsepersonell i samtale

Vis at du bryr deg

Ofte er det nok at du viser at du bryr deg. Saka er, som med alt anna, at det ofte blir betre når vi snakkar om det.

Hjelpetelefonar og anna hjelp

  • Fastlegen har informasjon om ulike lavterskeltilbod der du bur og kan sende tilvising til psykolog eller anna behandling i kommune eller spesialisthelsetenesta
  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117
  • Ved livstruande situasjonar, ring naudnummer 113
  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • helsenorge.no - hjelpeside

Kampanje for å førebyggje sjølvmord

I desember og januar køyrer Helse Vest ein ny runde av folkeopplysingskampanjen for å førebyggje sjølvmord. Hovudbodskapet er "Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv." Målet er at fleire skal våge å fortelje at dei har sjølvmordstankar og at menneska rundt dei skal våge å spørje.
Les meir
Alexandra Gjerpen frontar kampanjen
Sist oppdatert 16.06.2021