Page in English
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Søkjaren må vere tilsett (i min. 20 prosent stilling) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved universitet og høgskular i regionen, og private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon. Sjå Kven kan søkje forskingsmidlar
Ved eventuell tildeling
Ved tildeling av karrierestipend frå Helse Vest skal personar finansierte av forskingsmidlane tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkjarinstitusjon»).
Dersom det skjer endringar i tilsettingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden (jf. "Formål og kriterium"), er det søkjarinstitusjonen som har det avgjerande ordet om ansvarleg institusjon for prosjektet skal bli endra. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.
Krav til søknad
Det vil bli stilt ekstra sterke krav til søknader innanfor denne kategorien. Kandidatar må ha vist evner til sjølvstende og det vil bli lagt vekt på om søkjaren vil vera i stand til å bygge opp sitt eige forskingsmiljø i løpet av prosjektperioden. Dette må komme tydeleg fram i søknaden.
Kva kan det søkjast om
Total kostnadsramme er for tida inntil 2,3 millionar kroner per år i 3 år og inntil 1,2 millionar kroner det siste året. Tildelinga skal brukast til løn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.
Karrierestipendet skal dekkje løn til eiga stilling (fire år, 100 prosent), eit tilhøyrande stipend (doktorgrads- eller postdoktorstipend tre år, 100 prosent), og ekstra driftsmidlar.
Dersom søkjaren ønskjer å bli vurdert i kategorien postdoktorstipend eller som eit vanleg fleirårig prosjekt i tilfelle søknaden om karrierestipend ikkje når opp i konkurransen, må det sendast inn separate søknadar. Budsjett og prosjektframstilling må i så fall bli tilpassa den enkelte søknadskategori.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastes opp to vedlegg:
1. Prosjektframstillinga
Det er utarbeidd felles mal for prosjektframstilling som skal brukast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).
2. Andre obligatoriske vedlegg
Vedlegga skal lastast opp samla som eitt PDF-dokument i rekkjefølgja skissert under:
-
CV (anbefalt lengde 2 sider) og liste over publikasjonar for dei siste 5 åra.
-
Forankringsavtale, dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen.