Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Utlysing av midlar til forsking i mindre helseføretak og i private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest

Det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon i Helse Vest lyser ut 5 millioner kroner per år over tre år (til saman 15 millioner kroner) for perioden 2022 tom 2024. Fristen for å søkje midlane er søndag 7. november 2021 kl. 16.00. Satsinga er forankra i styret i Helse Vest.

Målet med satsinga er å bygge opp forskingsverksemda og sikre gode forskingsmiljø i mindre helseføretak og i private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest, gjennom etablering av større prosjekt innanfor fagområde som er av stor betyding for spesialisthelsetenesta.

For at satsinga skal kunne gi eit vesentleg bidrag når det kjem til å løyse helsetenestene sine utfordringar er det viktig at ho er utforma på ein ambisiøs og framtidsretta måte. Satsinga må vere godt forankra i toppleiinga i søkarinstitusjonen, og det blir stilt krav til eigafinansiering tilsvarande summen som blir søkt Helse Vest. Merk at det er definert kva helseføretak/institusjonar denne utlysinga er open for.

Kven kan søkje?

Følgjande helseføretak og institusjonar kan stå som søkjarinstitusjonar: 

 

Prosjektleiar – den som er fagleg ansvarleg for prosjektet – skal stå som søkjar. Søkjar skal som eit minimum ha avlagt doktorgrad. 

​Tematikk og kva det kan søkjast om midlar til

Midlane skal gå til satsingar innanfir helseforsking på område som er av stor betyding for spesialisthelsetenesta. Satsingane kan søkje om finansiering til og med 2024 i denne omgang. 

Tildelingsramma per prosjekt (finansiert av Helse Vest) er minimum 1 million kroner årleg og maksimum 2 millionar kroner årleg i 3 år. Merk at det er krav om at søkjarinstitusjonen bidreg med tilsvarande sum i eigafinansiering.

Moglege budsjettelement

Personell:

  • frikjøp av klinikar (fastlønn/grunnlønn)
  • forskingsstøttepersonell som koordinator, laboratorieteknikar, studiesjukepleiar mv. 
  • doktorgradsstipend og postdoktorstipend – det kan søkjast om både namngjevne og ikkje-namngjevne stipend. Desse skal følgje satsane for doktorgrads- og postdoktorstipend i Helse Vest.​

Drift:

  • Driftskostnadar inkludert kostnadar til brukarmedverknad
  • Nettverksaktivitetar (til dømes konferansar, møteverksemd)

Merk at det ikkje kan søkjast om midlar til infrastruktur/utstyr.

Særlege føringar

  • Helse Førde, Helse Fonna og dei sju private, ideelle institusjonane kan stå som søkjarinstitusjonar. 
  • Det kan søkjast om minimum kr 1 mill. årleg og maksimum kr 2 mill. årleg i 3 år. 
  • Det regionale samarbeidsorganet har utarbeidd prinsipp for etablering av strategiske satsingar. Desse skal leggjast til grunn for satsinga det blir søkt midlar til. Regionalt samarbeid skal omtalast i søknaden.
  • Det skal berre vere éin prosjektleiar og éin ansvarleg institusjon i kvar satsing. Det blir lagt til grunn at dei deltakande institusjonane før prosjektstart inngår eigen samarbeidsavtale som regulerer partane sine rettar og plikter i prosjektet.
  • Det er krav til eigenfinansiering frå søkjarinstitusjonen, tilsvarande summen det blir søkt Helse Vest om. Eigafinansieringa må vere friske midlar, og det skal i søknadsskjemaets budsjettmodul synleggjerast kva eigafinansieringa består av. Eigenfinansieringa kan bestå av personell (frikjøp, stipendiatar, koordinator og anna forskingsstøttepersonell), driftsmidlar og midlar til nettverksaktivitetar. Eigafinansieringa må stadfestast gjennom vedlegg signert av leiinga i føretaket/institusjonen (sjå mal for leiarforankring).

​Søknadsskjema

Det elektroniske søknadsskjemaet eSøknad skal nyttast ved innsending av søknad om midlar.

Vurderingskriterium - kvalitet og nytte

Søknadane vil bli vurderte ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar. I tillegg vil regionalt samarbeid i form av samarbeid mellom helseføretak i regionen, eller mellom helseføretak og UH-institusjonar i regionen, telle positivt i vurderinga av søknaden.

Vurdering av kvalitet

Kvalitetskriteriet er ei vurdering av prosjektet, søkjarens og forskingsmiljøet sin vitskapelege kvalitet. Følgjande element inngår i kvalitetskriteriet:

Originalitet

  • fagleg nyheitsverdi og originalitet i forhold til forskingsfronten på fagområdet
  • innovasjonsgrad, utfordrar prosjektet, for eksempel gjennom bruk av teori/metode, gjeldande praksis?

Søknadens utforming

  • vitskapeleg bakgrunn for prosjektet
  • oversikt over forskingsfronten, «state-of-the-art», aktuell referanselitteratur
  • framstilling av hypotesar, mål og milepelar
  • beskriving av stillingar (spesielt viktig for doktorgradsstipend) og roller

Gjennomføring

  • realistisk og hensiktsmessig plan for gjennomføring (datainnsamling, metodar, analyser, statistikk osv.)
  • identifisert risiko med evt. alternative strategiar for gjennomføring
  • tilgjengelege data frå pilotprosjekt, andre preliminære data der relevant
  • realistisk budsjett

Søkars kvalitet (relatert til status for karrieren)

  • kompetanse og kvalifikasjonar
  • produktivitet
  • kompetanse relatert til prosjektleiing/rettleiing
  • sjølvstende i samsvar med status for karrieren (for karrierestipendiatar spesielt)

Forskingsmiljø

  • infrastruktur, tilgang til utstyr og ressursar, faglege nettverk
  • relevante samarbeidspartnarar
  • læringsmiljø, rettleiingskapasitet og –kompetanse
  • tverrfaglegheit der relevant

Vurdering av nytte

Nyttevurderinga er ei vurdering av prosjektets nytteverdi/betyding for pasientar og helsetenesta. Følgjande element inngår i nyttekriteriet:

Grunngjeving i behov

  • prosjektet si målgruppe, dvs. pasientgruppe, pårørande, andre identifiserte brukarar
  • behov i spesialisthelsetenesta
  • dekking av kunnskapshol
  • andre samfunnsbehov

Betyding av ny kunnskap

  • realistisk betyding for helsetenesta, moglege forbetringar av eksisterande tilbod/praksis
  • viktigheit av kunnskapstileigning/dekking av kunnskapshol, akademisk nytte
  • samfunnsnytte, moglegheit for generalisering/brei kunnskapsanvending

Implementeringsmoglegheiter

  • realistiske implementeringsplanar/translasjon av forsking til forbetra praksis
  • realistisk tidsperspektiv (kort/lang sikt)
  • identifiserte avhengigheitar til utvikling på andre område

Kompetansebygging

  • nødvendig kompetanseheving i helsetenesta
  • utvikling av metodekunnskap, teknikkar
  • styrking av fagfelt

Gjennomslagskraft og synlegheit

  • plan for formidling; publikasjonar, artiklar, websider osv.
  • plan for brukarmedverknad dersom relevant
  • andre relevante måtar å spreie ny kunnskap på, både nasjonalt og internasjonalt.

Vurderinga av vitskapeleg kvalitet og nytte vil bli gjort av ein ekstern vurderingskomité, dvs. med medlemmer utanfrå Helse Vest.

Obligatoriske vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg til den elektroniske søknaden: 

  1. Prosjektframstilling. Det er utarbeidd mal for prosjektframstilling​ som skal nyttast ved denne søknadsrunden. Merk at alle hovudpunkta i malen er obligatoriske, men at nokre av underpunkta er rettleiande og ikkje alltid relevante for alle utlysingar/søknadstypar.
  2. Andre obligatoriske vedlegg (skal lastast opp samla som eitt PDF-dokument):
    1. Søkar sin CV og publikasjonsliste siste 5 år. Merk at CV-en helst ikkje bør overstige to sider, sjå også forslag til CV-mal.  CV og publikasjonsliste for sentrale samarbeidspartnarar kan også leggjast ved, men det er ikkje eit krav.
    2. Leiarforankring i søkjarinstitusjonen. Merk at mal for leiarforankring skal nyttast. 

Merk elles at:

  • Personell finansiert av midlane skal tilsetjast i søkjarinstitusjonen.
  • Forskingsmidlane skal tildelast og handterast av søkjarinstitusjonen.
  • Midlane kan berre nyttast til prosjektet det er søkt midlar til.
  • Midlane skal nyttast i tråd med tildelinga, dei overordna retningslinjene og prinsippa for Helse Vest sine forskingsmidlar og søkjarinstitusjonane sine retningslinjer.
  • Det kan ikkje takast dekningsbidrag av midlane.

Vedtak om tildeling og tilbakemelding på søknaden

Fordeling av forskingsmidlane blir vedteke av fagdirektøren i Helse Vest etter innstilling av ekstern komité, truleg innan utgangen av november 2021. Informasjon om kven som får tildelt midlar vil bli publisert på Helse Vest sine nettsider, og alle søkjarar vil bli varsla når tildelinga er offentleggjort.

Søknadar som ikkje får tildelt midlar vil motta ei kort skriftleg grunngjeving på avslaget. Merk at tilbakemeldinga er av overordna og generell karakter. Det er høve til å klage på grunngjevinga. Søkjar har berre høve til å klage på saksbehandlingsfeil eller faktaopplysningar som blir brukt i grunngjeving for avslag. Det er ikkje anledning til å klage på utøvinga av det faglege skjønnet i vurderinga. Meir informasjon om klageåtgang vil bli sendt ut saman med grunngjevinga for avslaget.

Dersom du har spørsmål om utlysinga

Ta kontakt med Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking: forskning@helse-vest.no

Sist oppdatert 07.10.2021