Grafisk framstilling av koronaviruset i blåtonar. Grafikk.

Koronavirus

Helse Vest RHF er ikkje lenger i beredskap som følgje av koronapandemien.

 

Informasjon til media

Mediekontaktar

Mediekontakt i Helse Vest RHF

Bente Aae, kommunikasjonsdirektør
Telefon 415 33 807

Mediekontakt i helseføretaka

Helse Førde:

e-post: kommunikasjon@helse-forde.no

Helse Bergen:

e-post: info@helse-berg​en.no

Helse Fonna


 

Helse Stavanger

web@sus.no​

​pressetelefon – kvardagar kl. 07.30 - 15.00: 477 00 999 (ikkje SMS)

Talet på innlagde pasientar

Sjukehusa rapporterer dagleg til Helsedirektoratet talet på pasientar med påvist covid-19 på sjukehus. Under finn ein regional oversikt med samla tal frå alle sjukehusa i Helse Vest for kor mange som er innlagde på intensivavdeling og kor mange som får behandling med respirator.

Sjukehusa tel kor mange innlagde pasientar med covid-19 dei har om morgonen, og rapporterer tala til Helsedirektoratet som offentleggjer tala seinast kl. 13.00 same dag. Tala blir rapporterte og offentleggjorde fem dagar i veka – måndag til fredag.

​​

Sjå også nettsidene til helseføretaka våre, med oppdaterte tal:

Helse Førde Helse Bergen Helse Fonna​ Helse Stavanger

​Pilotprosjekt hurtigtesting i v​idaregåande skular

Dei vidaregåande skulane Fyllingsdalen og Askøy starta i veke 11 med frivillig covid-19-testing av elevar. Sidan er pilotprosjektet utvida til alle vidaregåande skular i Vestland.

Hensikta er at skulane skal kunne gjennomføre testing dersom opptaksområdet til skulen har eit smittetrykk som ville ført til at skulen blei stengd for fysisk oppmøte.

Per 13. april er 24 offentlege vidaregåande og 11 friskular med i pilotprosjektet. Det betyr at om lag 12 000 elevar og lærarar er med,  eit tal som vil stige dei neste vekene.

Oppdaterte tall pr 5. mai:

  • Totalt testar sidan oppstart: 45 474
  • Totalt positive testar sida oppstart: 11
  • Totalt positive bekrefta med laboratorieanalyse (pcr):  10
  • Deltaking blant elevar (av elevar som var tilgjengelege for testing):  91 prosent
Les meir om prosjektet hjå Vestland fylkeskommune

​​​​Smittever​​nut​styr

Nasjonal koordinering av utstyr

Helse Sør-Øst RHF har eit nasjonalt koordineringsansvar for innkjøp av smittvernutstyr og legemiddel i forbindelse med koronautbrotet.

Kvar veke rapporterer dei til nasjonale helsemyndigheit på status over lagerbehaldning og bestilte leveransar av smittevernutstyr.

Lagerbehaldning og leveransar av smittevernutstyr

Informasjon til private aktørar

Vi har laga ei side med generell informasjon og vanlege spørsmål og svar for private aktørar. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på her, kan du sende oss ein e-post på privat-covid19@helse-vest.no

Vanlege spørsmål og svar

​S​​​tøtte frå forsva​​ret

Helse Nord RHF har fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å ta imot, koordinere og framføre støtteførespurnadar frå spesialisthelsetenesta til Forsvaret. Det betyr støtte frå Forsvaret til spesialisthelsetenesta med relevante kapasitetar i form av personell- og/eller materiell for å førebyggje og hindre tap av liv eller skade, i tillegg til å ta i vare behovet for sikkerheit i samfunnet.

Det blir innført rutinar for ei saksbehandling som skal leggje til rette for at førespurnadar om støtte kjem hurtig til rett nivå for ei sikker vurdering og avgjersle.

Les meir og sjå skjema for førespurnad om støtte frå Forsvaret

Ressursar om bruk av smittevernutstyr

Her finn du plakatar, introduksjonsvideoar og andre ressursar ​om bruk av smittevernutstyr i sjukehusa og helseføretaka.

Kommunikasjon og smittevernutstyr
 

​Beredskap i Hel​​​se Vest

Helseberedskapsplanar og smittevern

God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og klar rolleforståing. Dette oppnår vi gjennom gode beredskapsplanar og gode rutinar, som vi kontinuerleg øver på.

Regional helseberedskapsplan for Helse Vest er ein rammeplan som beskriv roller og ansvar i ei krise, både når det gjeld administrasjon, førebygging og handtering.

Føringane som er lagde i denne planen, skal speglast av i beredskapsplanane i helseføretaka, slik at beredskapsarbeidet i Helse Vest står fram som heilskapleg og samordna.

Regional helseberedskapsplan 2019 - 2021(PDF)

Nasjonal helseberedskap

Nasjonal helseberedskapsplan - PDF (regjeringen.no) Kriseinfo.no

Smittevern

Regional smittevernplan (PDF) Tuberkulosekontrollprogram for Helse Vest (PDF) Beredskaps- og vakttelefonar ved Folkehelseinstituttet

Beredskapsnivå

Grøn beredskap

Ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.

Gul beredskap

Ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

Raud beredskap

Ei alvorleg uønskt hending har skjedd. Det er stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.​

 
  

Siste nytt om beredskapssituasjonen

Fann du det du leitte etter?