Odelstinget behandla lova i møtet 6. juni, og 6. juli blei landet delt inn i fem helseregionar. Lokaliseringa for dei regionale helseføretaka kom på plass og fem regionale styre blei oppnemnde.
Hausten 2001 blei det etablert 47 helseføretak i landet, med styre, stiftingsdokument og opningsbalanse (økonomi).
Frå 1. januar 2002 starta det nye eigarskapet som i vår region var Helse Vest RHF med underliggjande helseføretak. Dei fem føretaka var Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og det som då var Apoteka Vest, seinare Sjukehusapoteka Vest.
I 2004 blei IKT-avdelingane i helseføretaka i Helse Vest skilde ut i det heileigde selskapet Helse Vest IKT AS.
I april 2015 blei også Helse Vest Innkjøp stifta, og selskapet var operativt frå 2. november same år. I Slutten av 2016 gjekk det inn i det nasjonale føretaket Sykehusinnkjøp HF.
Dei regionale helseføretaka arbeidde vidare med strategiar, funksjons- og oppgåvefordeling.
Kva er oppgåvene?
Dei regionale helseføretaka fekk med helsereforma to hovudoppgåver:
Kva innebar sjukehusreforma?
Eit skifte til statleg eigarskap
Heilt ny organisering, i helseføretak
Helseføretak som sjølvstendige rettssubjekt og arbeidsgivarar
Pliktene i helselovgivinga er overførde til dei regionale helseføretaka
Avtaler og kontraktar blei overtekne av RHF/HF
Oppgåver for sjukehusa
PasientbehandlingUtdanning av helsepersonellForskingOpplæring av pasientar og pårørande