Utvikling av kvalitet er eit arbeid som skal gå for seg heile tida og i størst mogleg grad vere integrert i det daglege arbeidet vi gjer. Pasienttryggleik handlar ofte om det helsepersonell gjer kvar einaste dag i sjukehusa. Pasientane skal vere sikre på at tenestene verkar, er trygge og at dei heng godt saman når ein er avhengig av helsehjelp frå fleire stader. Det skal vi få til ved å arbeide målretta og systematisk innanfor utvalde område.
Gjennom metoden kontinuerleg forbetring arbeider Helse Vest med å redusere pasientskadar, forbetre pasienttryggleikskulturen og bygge varige strukturar for pasienttryggleik. Arbeidet med å redusere skadar, held fram og følgjer Regional plan for kvalitet og pasienttryggleik.
Regional plan for kvalitet og pasienttryggleik 2020-2024