Kva gjer vi?

Helse Vest RHF har ansvaret for å drive spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Tenesta omfattar dei offentlege sjukehusa, psykisk helsevern, rusbehandling og avtalar med private - men vi har også mange andre oppgåver.

Nokre oppgaver løyser vi gjennom nasjonale selskap som er eigde av dei regionale helseføretaka i fellesskap.
Ansvaret vårt kan delast i eit "sørgje-for-ansvar" og eit "eigaransvar".

Sørgje-for-ansvaret

Dette betyr kort sagt at vi skal sørgje for at alle som bur i regionen vår skal få eit likeverdig helsetilbod uansett kvar dei bur. Om du bor rett ved sida av eit lite lokalsjukehus eller eit stort universitetssjukehus, eller om du bor langt borte frå sjukehuset, skal du kunne vere trygg på at du skal få like god behandling når du treng det.

Akutt-funksjonen på sjukehusa våre inngår i ei behandlingskjede der også ambulanseteneste og akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) høyrer med. Ein betydeleg del av aktiviteten på sjukehusa våre handlar om å gi øyeblikkeleg hjelp, og det er derfor viktig at vi har eit nært og godt samarbeid med den lokale kommunale legevakta.

Alt er ikkje like akutt. Når fastlegen tilviser deg til utgreiing og behandling, kan du få det ved dei offentlege sjukehusa som vi eig eller hos private. Dei regionale helseføretaka har blant anna avtalar med private sjukehus, klinikkar, rusbehandlingsinstitusjonar, røntgeninstitutt, rehabiliteringssenter og privatpraktiserende spesialistar.
For at vi skal klare å oppfylle vårt "sørgje-for-ansvar" er det fire hovudoppgaver vi må løyse:

Behandling

Sjukehusa våre skal gi deg den behandlinga du treng når du blir sjuk eller skadd. Sjukehus er forskjellige, og dei små lokalsjukehusa har ikkje like mange spesialistar som dei større sjukehusa. Derfor vil du kunne bli sendt til behandling i ein annan del av regionen enn der du bur. Vårt ansvar er å sørgje for at sjukehusa samarbeider godt, og at alle veit kva dei kan behandle sjølv, og når dei må sende deg som pasient vidare. Nokre gonger kan det også passe betre for deg som pasient å bli tilvist til eit privat sjukehus eller klinikk.

Som pasient har du rett til å velje behandlingsstad når du blir tilvist til ein planlagd behandling. Då kan du bruke tenesta Fritt behandlingsvalg.

Les meir om behandling

Forsking

Medisin og sjukepleie er fag som hele tida blir er i utvikling. Ny kunnskap gjer at pleie, arbeidsmåtar og teknologi blir betre. Vi i dei regionale helseføretaka har ansvaret for å gi pengar til forskarar, og sørgje for at dei forskar på ting som gir direkte nytte i pasientbehandlinga. Det blir forska mykje i sjukehusa våre, og i tillegg samarbeider vi med universitet og høgskular.

Les meir om forsking

Utdanning

Sjukehusa våre treng dei beste fagfolka, og fagfolka treng å få den rette kunnskapen slik at dei kan gjere ein best mogleg jobb frå første dag. Vi samarbeider tett med høgskulane og universiteta for at utdanninga av legar, sjukepleiarar og andre skal være så nyttig som mogleg.

Les meir om utdanning

Opplæring av pasientar og pårørande

Mange sjukdommar eller skadar gjer at du som pasient vil måtte tilpasse livet ditt til en ny situasjon. Alle sjukehusa skal ha eit godt tilbod om opplæring av både deg som pasient og dine pårørande for at du skal kunne leve med sjukdommen din. Vi sørgjer for at alle opplæringseiningane samarbeider, at dei gir eit like godt tilbod til alle, og at dei som jobbar der er oppdaterte med den nyaste kunnskapen.

Les meir om opplæring av pasientar og pårørande

Eigarskap og styring

Helse Vest RHF er eigar av seks helseføretak. Det er:

  • Helse Førde HF
  • Helse Bergen HF
  • Helse Fonna HF
  • Helse Stavanger HF
  • Sjukehusapoteka Vest HF


I tillegg eig vi IKT-selskapet

  • Helse Vest IKT


Kvart år får helseføretaka eit styringsdokument som set krav til aktivitet, budsjettrammer og mål for verksemda. Gjennom året blir det  levert det rapportar om utvikling og resultat og dette blir følgt opp gjennom dialogmøte på administrativt nivå. Styring frå det regionale helseføretaket skjer gjennom føretaksmøte.

Styret for det lokale helseføretaket blir oppnemnd for ein periode på to år av det regionale styret. Eitt av styremedlemmane er henta frå den administrative leiinga i det regionale helseføretaket.

Dei fire regionale helseføretaka har også etablert fleire felles nasjonale selskap. Nedanfor finn du ein kort omtale av desse.

Felleseigde, nasjonale selskap

Sjå oversikta

Helse2035 og vegen vidare

Pasienttryggleiken er noko vi må arbeide med dagleg. Samhandlinga med kommunane før og etter behandling må bli betre. Vi ser store utfordringar framfor oss når det gjeld prioritering når stadig meir av behandling er mogleg, til ein høgare pris, dekt innanfor dei rammene vi er gitt. Og arbeider vi framover slik vi gjer i dag står vi framfor det umoglege scenarioet der kvar tredje ungdomsskuleelev må velje helsefag på vidaregåande skule for at vi skal få ​nok medarbeidarar til å løyse oppgåvene. 

Strategien vår, Helse2035, og mange av planane våre svarer ut mykje av dette.​