Retningslinjer og skjema

Det regionale samarbeidsorganet har utarbeidd retningslinjer for Helse Vest sine søkbare forskingsmidlar.

 

Føringar for forskingsmidlane

Føringar for forskingsmidlane inneheld blant anna informasjon om kva det er mogleg å søkje om, kven som kan søkje og korleis vurderinga blir gjennomført. For kvar søknadskategori er det utarbeidd eigne retningslinjer, for eksempel for postdoktorstipend og utanlandsopphald, sjå retningslinjer for ope utlyste midlar.

Retningslinjer for ope utlyste forskingsmidlar

Retningslinjer for handtering, overføring og permisjonar

Det kan søkjast om overføring av midlar i forbindelse med årsrapportering for rekneskap. Begge delar har frist 20. januar.

Andre retningslinjer

Det regionale samarbeidsorganet har vedteke å påskjøne forskarar og forskingsmiljø som har medverka til doktorgradar. Som utgangspunkt for påskjøning av produktive forskingsmiljø, blir Helse- og omsorgsdepartementet sitt målesystem brukt.

Påskjønning av forskingsproduksjon Retningslinjer for posisjoneringsmidlarRetningslinjer for innovasjons- og forskingsprisar Behov for akutte forskingsmidlar


Anna​

I tillegg til formålet for midlane og retningslinjene for kven som kan søkje, gjeld følgjande prinsipp for Helse Vest sine forskingsmidlar:

  • Forskingsmidlane skal tildelast til og handterast av helseføretaka i regionen og private, ideelle institusjonar​ (altså søkjarinstitusjonane)
  • Personell finansiert av midlane skal tilsetjast i søkjarinstitusjon
  • Midlane kan berre nyttast til prosjektet det er søkt midlar til
  • Midlane skal nyttast i tråd med tildelinga, overordna prinsipp og søkjarinstitusjonane sine retningslinjer
  • Det kan ikkje takast dekningsbidrag av midlane​